Hopp til innhold

Her kan du på på ski i juli

Tykkjer du julivarmen i låglandet blir for intens? Det er du så fall ikkje åleine om. Folgefonna sommarskisenter har dobbelt så mange besøkande i år som i fjor.

Folgefonna sommarskisenter har dobla besøk i forhold til i fjor.

Med badetemperaturar på over 20 grader, fristar det med eit dupp i fjorden. Men fleire enn før vel også å gå på ski – midt i juli.

Skogseth

DOBLA OMSETJING: – Me har hatt ei dobling i tal på besøkande, samanlikna med i fjor, seier dagleg leiar ved Folgefonna sommarskisenter, Andreas Skogseth.

På Folgefonna sommarskisenter som ligg 1400 meter over havet, har det flotte vêret gitt bedrifta ein utbytterik sommar. Etter fleire konkursar og år med minus, ser årets sesong ut til å ende med overskot, for fyrste gong sidan nittitalet.

– Me har hatt ei dobling i tal på besøkande, samanlikna med i fjor. Det skuldast at me hatt mykje fint ver og gode snøforhold, seier dagleg leiar, Andreas Skogseth.

LES OGSÅ: Kaos under åpning av skisenter - Hordaland

– Folk må slå til før snøen forsvinn

Det er vanskeleg å drive med sommarski på Folgefonna, seier Skogseth.

– Heisen beveger seg sidan den er festa til ein isbre. Ofte spelar ikkje vêret på lag med oss, og det er jo sjølvsagt færre gjester som vil stå på ski om sommaren enn om vinteren.

Det flotte sommarvêret får ein stor del av æra for at omsetjinga er dobla. Men dei låge temperaturane og det milde vêret byr også på problem.

– Plussgrader og mykje vind gjer at det på dei verste dagane forsvinn opp mot ein halvmeter snø, fortel Skogseth.

– Folk må skunde seg om dei vil ha seg ein skitur, så dei får nyte det medan føret framleis er bra.

LES OGSÅ: Skisenter smelter vekk - Hordaland