NRK Meny
Normal

– Me var usikre på om me skulle komme på jobb i dag

Åtte timar på overtid held meklinga fram i frontfaget. Kværner på Stord er ei av bedriftene der aller flest kan bli råka, 600 tilsette kan gå ut i streik.

Nes

– VANSKELEG SITUASJON: Nestleiar i Mestaklubben Kverner Stord, Hans Fredrik Nes, seier det er ein vanskeleg situasjon for dei tilsette som ikkje ante om dei skulle komme på jobb i dag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Meklinga i industrien held fram på overtid, og det er framleis fare for storstreik.

Fristen gjekk ut midnatt for å kome til semje i lønnsoppgjeret mellom Fellesforbundet og Norsk Industri. Oppgjeret kan sette standarden for tariffoppgjera denne våren.

Følg utviklinga i saka HER

Vanskeleg situasjon for pendlarane

kverner

MANGE MÅ PENDLE: Nes fortel at uvissa er ekstra vanskeleg for dei som har lang reiseveg til jobb.

Foto: Tale hauso / NRK

Nestleiar i Verkstadklubben i Kværner Stord, Hans Fredrik Nes, seier dei tilsette ikkje ante om dei skulle komme på jobb i dag.

– Ingen her visste kva dei skulle gjere. Folk veit jo ingenting før dei forlèt heimen sin. Eg sat sjølv å følgde med i dag tidleg, seier Nes.

Klokka 06.00 var det framleis ingen avklaring, då fekk han beskjed om at det vart mekling vidare. Han seier situasjonen er særskilt vanskeleg for dei som må pendla langt.

– For dei som har lange reisestrekningar frå Bømlo og Kvinnherad er ikkje dette noko kjekt.

– Me har gode forhandlingskort

Nes fortel at han er nøgd med oppmøtet blant arbeidarane.

– Stemninga her er veldig bra. Me hadde folk som møtte som streikevakter og var innstilte på å vera vakter under aksjonen.

No ynskjer nestleiaren at partane skal komme til einigheit.

– Me har mange gode forhandlingskort, men det er klart me håpar på ei fredeleg løysing i form av semje.

NRK oppdaterar saka

Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås