Her kan dei jubla for klubben sitt andre OL-gull på få dagar

NESTTUN (NRK): Tårene trilla hos Jarle Pedersen då sonen vann OL-gull. – Dei gjekk som eit komplett lag i dag.

Det kokte i klubbhuset til Fana idrettslag etter at klubben tok sitt andre OL-gull på få dagar.

Gulljubel i Bergen etter lagtempofinalen på skøyter.

Det kokte i klubbhuset til Fana idrettslag etter at klubben tok sitt andre OL-gull på få dagar.

Her hadde både besteforeldre, foreldre, skuleelevar og pressefolk møtt opp for å få med seg finalen i lagtempo på skøyter.

Foreldra til Sverre Lunde Pedersen hadde eigentleg ikkje tenkt å dra til klubbhuset for å sjå sonen i aksjon i OL i dag. Men dei ombestemte seg då det vart klart at det vart finale på det norske laget.

Og då den spanande finalen var over, var dei nesten mållause av glede.

– Dei har levert to perfekte løp i dag. Det var nesten som i semifinalen, men med trøytte bein, seier Jarle Pedersen.

Jarle Pedersen og Martha Lunde Pedersen jubler for OL-gull

GULLKLEM: Pappa Jarle og mamma Martha Pedersen gir kvarandre ein klem etter at gullet var i boks.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Tre medaljar til lokal klubb

Sindre Henriksen og Sverre Lunde Pedersen frå same klubb var to av fire på Noreg sitt lagtempo-lag.

Med det sto Fana IL med sin tredje OL-medalje i OL: Gull på 500 meter, bronse på 5000 meter og no gull i lagtempo.

Den sindige tidlegare landslagstrenaren er godt nøgd med innsatsen til laget og sonen:

– Eg har vore både løpar og trenar, og veit at det ikkje er på den fyrste runden det vert avgjort. Eg ville sjå tendensen i løpet. Det gjorde meg roleg å sjå Noreg. Dei gjekk som eit komplett lag i dag.

Norge jubel for OL-gull

HISTORISK: Håvard Bøkko, til høyre, Simen Spieler Nilsen til venstre og Sverre Lunde Pedersen kan juble for Noregs 13. OL-gull.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Ein klubb i medvind

Skøytemiljøet i Fana har vind i segla om dagen, og det er ikkje berre i Sør-Korea dei har teke medaljar i det siste.

– Skøytemiljøet i Fana er kanskje det største og det beste i Noreg. Me fekk mange medaljar i landsmeisterskap i helga, me har Julie Samsonsen som skal til junior -VM i USA og no har me fleire medaljar i OL, så Fana er på alle kontinent og på pallen over alt, seier Pedersen.

Medan osingen Sverre Lunde Pedersen gjekk på finalelaget, vart Sindre Henriksen bytt ut etter kvartfinalen.

– No er me heilt shaky. Me er så inderleg glade. Dei fortener det så inderleg, seier Jannicke Monsen, mor til Sindre Henriksen.

– Sindre gjorde jobben på sundag, og gjorde sitt til at Noreg kom til finalen. Han er nok veldig glad. I dag gjorde han jobben på benken i dag, og det er nesten like viktig, legg ho til.

Forrykande semifinale

Med tida 3.37,08 sette det norske laget olympisk rekord, og favoritten Nederland var med det ute av gullkampen.

Førre veke vann Håvard Holmefjord Lorentzen gull på 500-meter i skøyter.

Med det vart han den fyrste nordmannen som tok gull på denne distansen på 70 år, den første bergensaren med OL-gull nokon gong.

Her skriker fotballbroren seg hes under Lorentzens gulløp

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skøyter menn 500 m.

Håvard Holmefjord Lorentzen jublar for OL-gull.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix