Her hoppar næringslivet i sjøen for klimaet

VÅGEN (NRK): Ekte bergensvêr stoppa ikkje næringslivstoppane frå ein liten svømmetur.

I fritt fall

LUFT UNDER VENGENE: Dale Oen Experience-sjef Robin Dale Oen (i kvitt) er initiativtakar til stupeseansen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Med dress og slips hoppa delar av nærings- og kulturlivet i Bergen i sjøen fredag. Anledninga er klimamarkeringane som har vore arrangert mange stader i Noreg fredag.

– Det er viktig at vi no også visar engasjement for havet, seier Marit Warncke, administrerande direktør i Bergen Næringsråd.

Våte etter hopp for klima

BLAUTT: Det blei ei våt affære for næringslivstoppane i Bergen fredag. Bergen Næringsråds-topp Marit Warncke i forgrunnen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Etter eit bad i seks-sju gradars vatn, snakka toppane mykje om oppvarming, både globalt og for seg sjølve.

– Det er kaldt, men det er ei viktig sak, seier Johnny Breivik, hamnesjef i Bergen.

– Trur du at det hjelp på miljøet at de hiv dykk ut i dressar?

– Nei, men det sett fokus på ei viktig sak.

Sjef på Hordaland Teater, Solrun Toft Iversen, nytta også anledninga til å få seg et bad.

– Ungdommane var i sentrum og demonstrerte i dag og no tek vi eit plask i havet, seier ho.

Svømmer etter stupedemonstrasjon for havet

SEKS GRADAR: Ikkje mange vågar seg ut i vestlandsk sjø i mars. Det var seks-sju grader i sjøen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Samla eliten

Stiftinga The Dale Oen Experience står bak stuntet ved Vågen i Bergen.

Frå kaien hoppa dei i tur og orden etter Robin Dale Oen, leiar av stiftelsen og bror til avdøde svømmar Alexander Dale Oen.

– Vi samlar dei som har ein påverknad for å lage ei felles rørsle for berekraft og miljø, seier han.

Før dei hoppar i sjøen for klimaet

STUP FOR HAVET: Dei eldre ville vise støtte til ungdommane som demonstrerte fredag.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Store demonstrasjonar for klimaet

Tidlegare fredag hadde om lag 20.000 norske ungdommar skulka skulen for å si ifrå. Ungdommane meiner at politikarane ikkje gjer nok for å halde klimamåla.

I Bergen hadde fleire hundre streikande demonstrantar møtt opp på Torgallmenningen, for andre veke på rad.

Klimastreik i Oslo
Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK
Over hele landet har tusenvis av barn og unge droppet å gå på skolen og streiker i stedet for en bedre klimapolitikk.

Dei er inspirert av den svenske 16-åringen Greta Thunberg, som på seinsommaren i fjor skulka skulen og sette seg ned framfor Riksdagen i Stockholm for å demonstrere. Sidan har rørsla spreidd seg til heile verda.

I 2200 byar i 120 land blei det fredag halden demonstrasjonar for klimaet.