Hopp til innhold

Her har dei byta ut blokkfløyta med felespeling

GRANVIN (NRK): Første- og andreklassingar i Granvin i Hordaland har no fått felespeling på timeplanen. Slik håpar skulen å byggje vidare på ein gamal tradisjon.

 Første- og andreklassingar i Granvin har no fått felespeling på timeplanen. Slik håpar skulen å byggje vidare på ein gamal tradisjon.

SE VIDEO: – Vi må stryke forsiktig, ikkje så hardt. Då blir det ikkje særleg fint.

– Det vanskelegaste er å halde fela heilt rett og få fin lyd, seier Mina Holven Matre.

Saman med resten av dei yngste elevane ved Granvin barne- og ungdomsskule har ho denne våren ein skuletime i veka der felespeling står på timeplanen.

– Vi må stryke forsiktig, ikkje så hardt. Då blir det ikkje særleg fint, seier Mina og nynnar på lyden ein kan få ut av fiolinen – dersom ein er driven.

Felespeling på timeplanen i Granvin

ØVER: Mina Holven Matre er ei av dei som har fått felespeling på timeplanen. – Det er litt vanskeleg å få fin lyd.

Foto: Tale Hauso / NRK

Nybegynnarar

I klasserommet er første- og andreklassingane samla, alle med kvar sin vesle fiolinkasse som dei opnar forsiktig.

Lærar på kulturskulen, Johanna Mjeldheim, spør om nokre av elevane har øvd sidan sist, og fleire små felebogar vert rekt opp.

– Dette går veldig fint. Vi har jo nettopp starta med spelinga, og det er ingen av elevane her som har prøvd dette tidlegare, seier Mjeldheim.

Rekrutteringsprosjektet er eit samarbeid mellom kulturskulen, Hardanger spelemannslag og hardingfela.no, der elevane skal få eit innblikk i kulturarven.

Lang tradisjon

Spelemannstradisjonen i Granvin har lenge stått sterkt, og har mellom anna gitt grunnlag for store utøvarar som Knut Hamre og Alexander Aga Røynstrand.

Mjeldheim meiner dette er ein tradisjon som er viktig å lære òg dei yngste. Ho håpar prosjektet vil få fleire til å fortsetje med spelinga.

Kommunevåpen for Granvin kommune

I KOMMUNEVÅPENET: Hardingfela er ein del av kommunevåpenet til Granvin kommune.

– Vi håpar jo at nokon av dei som er med her får lyst til å fortsetje å spela. I Granvin har vi sterke tradisjonar for hardingfela, den er til og med i kommunevåpenet. Det passar mykje betre med fele i skulen, enn blokkfløyte eller gitar.

Kulturskulelæraren er optimistisk, sjølv om barneskuleelevane ikkje har hatt mange timar med feleundervisning endå.

– Dette er eit instrument som er vanskeleg å lære seg. Berre det på treffa rett streng og få god lyd med bogen er noko ein må læra seg, seier Mjeldheim.