NRK Meny
Normal

Her gav dei jobb til lærlingar medan dei gjekk i minus og oljekrisa herja

RADØY (NRK): – Me kunne ha skrapa til beinet og sagt opp mange tilsette. Men då ville me slite når ein ny opptur kom.

Lasse Ståløy hos Radøygruppen

TREDOBLING: Lasse Ståløy og Radøygruppen får no betalt for å ha gått mot straumen gjennom oljekrisa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Familiebedrifta på Radøy valde motsett medisin då krisa trefte offshoreindustrien for tre år sidan.

– Me er evige optimistar, og no kjem det ein ny opptur, seier dagleg leiar Lasse Ståløy.

I vår fekk familiebedrifta ein kontrakt med Statoil om å levera undervasskonstruksjonar til Statoil sitt prosjekt «Utgard».

Dermed er dei om lag 100 arbeidsplassane i Radøygruppen sikra.

Gjennom heile krisa har dei vore bevisste på ein ting:

– Å behalda kompetansen. Me har kalkulert med at me må køyra med minus for å klara det, seier Ståløy.

Skal tredobla fabrikkareala

Prosjektleiar Rune Skarpnes fortel at Radøygruppen har hatt eit tøft år.

– Heile industrien har jo slite, og det merkar me jo.

– Me kunne ha skrapa til beinet og sagt opp mange tilsette for å balansera kostnadane. Men då ville me slite når ein ny opptur kom, seier dagleg leiar Ståløy.

Til og med lærlingane fekk behalda jobbane sine.

– Ein må satsa, sjølv om det er tøffe tider, og rett og slett behalda folka, seier Ståløy.

Han fortel at Radøygruppen tok vare på kapitalen, og at dei no skal investera den på ny.

I dag har bedrifta 30 mål med fabrikkhallar og kaiar i Sæbøvågen på Radøy. Om to veker startar dei å laga 70 ekstra mål på Mangerøy i nabokommunen Meland.

Radøygruppen

TREDOBLAR AREALA: RadøyGruppen har 30 mål med fabrikkhallar og kaiar. Om to veker skal dei tredobla fabrikkareala sine.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Alle bør læra av Radøygruppen

Leiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum, meiner Radøygruppen har ein suksesshistorie som er verdt å læra av.

– Det å ha litt is i magen, inngå eit samarbeid med dei tilsette, finna forbetringsmåtar slik at ein blir enno meir lønsame, og ta ned kostnadar der ein kan, er viktig i nedgangstider.

Jørn Eggum

Forbundsleiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Eggum meiner ein ikkje kan skru av og på kompetansen etter kvart som konjunkturane går opp og ned.

– Eg kan anbefala alle å sjå og læra av Radøygruppen og dette eksempelet.

Teknologibedriftene i distrikta er ofte små, og då er det viktig å ha kunnskapen for å kunna koma tilbake når tendensane snur, meiner forbundsleiaren.

Stålarbeid og kutting av stål på Radøygruppen

MOT STRAUMEN: Familiebedrifta på Radøy får skryt for å ha tenkt annleis gjennom den vanskelege oljekrisa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Førebur seg på nye utfordringar

Tom Elseth i Statoil er prosjektdirektør for «Utgard-utbygginga», og meiner Radøygruppen har vore dyktige i motgangstidene.

Tom Elseth

Prosjektdirektør for «Utgard-utbygginga», Tom Elseth i Statoil.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Dei har spart opp i gode tider, og investerer når dei ser potensial. Det at dei no skal utvida gjer at dei porsjonerer seg.

– Oljealderen har danna grunnlaget for oss, men ting endrar seg jamt og trutt, så det er om å gjera å vera vaken på korleis marknaden endrar seg, seier Lasse Ståløy.

– Det vil alltid vera mange moglegheiter. Det er om å gjera å følga med i tida. Ikkje bli fanga i dei gamle marknadane og dei gamle produksjonsteknikkane.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.