Hopp til innhold

Her framfører syriske Amira (8) Noregs beste dikt

BØMLO (NRK): Åtte år gamle Amira flykta til Noreg frå Syria i fjor haust. Onsdag framførte den vesle jenta diktet «Det er den draumen» til inntekt for årets tv-aksjon.

Amira Bahli (8) fra Syria fremførte diktet "Det er den draumen" under ein konsert til inntekt for tv-aksjonen på Bømlo.

DRAUMEN: Åtte år gamle Amira Bahli og familien flykta frå Syria i fjor. Ho valde Olav H. Hauge sitt folkekjære dikt då ho framførte saman med Josef Kenjo til inntekt for tv-aksjonen på Bømlo denne veka.

For mindre enn eitt år sidan kom Amira Bahli til Noreg frå eit krigsherja Syria.

Onsdag stod ho på scena på Svortland skule på Bømlo til inntekt for årets tv-aksjon. Saman med Josef Kengo på instrumentet oud framførte Amira diktet det norske folk har trykt aller tettast til sitt bryst – «Det er den draumen» av Olav H. Hauge.

Sjå den rørande framføringa i videoen øvst i saka:

Flykta frå heimlandet

– Eg synest det er eit veldig fint dikt. Framføringa gjekk bra. Eg var ikkje redd eller flau eller noko, fortel Amira med hjelp frå venen Joud Alhammoud.

Amira og familien måtte rømma frå landsbyen nord i Syria i fjor haust. Dei enda opp på flyktningmottaket på Landås i Bergen.

Amira fra Syria

FRÅ SYRIA TIL BØMLO: Amira Bahli (8) rørte mange med sin framføring av Noregs best dikt.

Foto: Privat

I sommar flytta Amira til Bømlo. På Svortland skule vart ho teken under vengjene av norsklærar Rita Fylkesnes. Jenta på åtte har lært seg norsk – og pugga dikt – i rekordfart.

– Ho lærer så fort og plukkar opp ord frå andre born, seier læraren.

Samlar inn til område i krig

Med kor, band, blåsarrekkje, songsolistar og dansarar hadde Svortland skule konsert til inntekt for årets tv-aksjon onsdag kveld.

Lærar Brynjar Stautland, som har filma sekvensen, kom med ideen til den musikalske diktlesinga.

Pengane frå årets aksjon går til Røde Kors, og skal syta for mat, vatn, medisinar og tryggleik for dei som bur i område med krig og konflikt. Målet er å gje over to millionar menneske livsviktig hjelp.

I heimlandet til Amira har borgarkrigen rasa i over fem år.

– Dei fleste nordmenn kjenner dette diktet, og måten det blei framført på skapa ei veldig spesiell ramme. Folk grein i salen, seier lærar Fylkesnes.

Så langt har nordmenn samla inn over sju millionar kroner til TV-aksjonen. 23. oktober skal over 100.000 bøssebærarar vitja alle husstandane i Noreg.