Hopp til innhold

Her finn dei sprekkar i bassengtaket på Askøy

ØVRE KLEPPE (NRK): Vass- og avløpssjefen trur regnvatn kan ha ført campylobacter-bakteriar gjennom sprekkane og ned i drikkevatnet.

Høydebasseng 1

PADLA: Med gummibåt sjekka kommunens folk taket inne i høgdebassenget.

Foto: ASKØY KOMMUNE

Eit stengt vassrøyr møter NRK ved inngangen til det mykje omtalte høgdebassenget på Øvre Kleppe. Geir Ove Haugland frå vass- og avløpsetaten går opp ei trapp og lyser innover i bassenget.

Kvar dag sidan dei fekk mistanke om at smitten kom frå høgdebassenget, har dei vore her og tatt vassprøvar, fortel Haugland.

Vatnet ser klart og reint ut, men det er dette bassenget frå 60-talet som høgst sannsynleg har spreidd smitten som har gjort om lag 2000 sjuke på Askøy.

Bassenget er no kopla frå resten av vassverket og vil aldri kome tilbake i bruk.

Vassrøyr som er kopla av

VASSRØYR: Dette røyret har ført vatn frå høgdebassenget og ut på nettet, sannsynlegvis med resultatet at folk blei sjuke.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Smitte frå dyr

Med oppblåsbar gummibåt har tilsette i Askøy kommune inspisert innsida av bassenget.

Inne i det grovsprengde bassenget fann dei sprekkar i taket. Om sprekkane leier heilt til overflata, kan regnvatn ha ført med seg bakteriar frå dyreekskrement ned i drikkevatnet, som så er blitt sende rett ut til kjøkkenvaskar på søre Askøy utan ytterlegare reinsing.

– Vi fann sprekkar. Men det er for tidleg å seie om dei er gjennomgåande, seier vass- og avløpssjef Anton Bøe til NRK.

Heilt sidan utbrotet vart avdekt for to veker sidan, har dyreavføring vore ei av fleire moglege smittekjelder.

Inne i høydebassenget på Øvre Kleppe, Askøy

HØGDEBASSENGET: Slik såg det ut inne i høgdebassenget då NRK fekk kome inn.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Vil tømme bassenget

Dei siste dagane er kommunen styrkte i trua på at dette er smittekjelda. Bøe meiner dei er nær ved å slå fast at smitte frå dyr forårsaka sjukdomsutbrotet.

Dei kommunetilsette prøvde å samle vassprøvar frå taket. Det viste seg å vere vanskeleg fordi det har vore lite nedbør i det siste.

– Vi må få tømt bassenget slik at ein geolog kan kome inn og vurdere fjellet, seier Bøe.

Illustrasjon av høydebassenget på Øvre Kleppe på Askøy

HØGDEBASSENG: Det er fem meter fjell frå høgdebassenget til toppen der mastene står. Høgdebassenget rommar 500.000 liter vatn.

Grafikk: Morten Skramstad / NRK

Fargeprøve

Kommunen vurderer å sprøyte vatn med tilsett fargestoff på bakken over bassenget og sjå om det renn gjennom taket.

Tømminga av bassenget kan først skje når politiet gjev klarsignal. Dei ventar på nye vassprøvar tatt av Mattilsynet. Svara på dei kjem truleg denne veka.

– Vi har møte med Mattilsynet i dag og får antakelegvis lov til å tømme bassenget. Det vil bli frigjort i løpet av dagen, seier varaordførar Bård Espelid.

Døren til høydebassenget på Askøy

MISTENKT: I dette høgdebassenget på Askøy er det påvist spor av tarmbakterien campylobacter.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Sjekkar sprengingsteori

Ein av naboane fekk godkjent sprengingsarbeid i 2014, få meter frå inngangen til bassenget, skriv BT. Det har vore spekulert i om arbeidet kan ha bidratt til at fjellet har sprokke.

– Vi kan ikkje utelukke det, men sprengingsarbeidet var for nokre år sidan. Ein geolog må vurdere om det kan vere hald i denne teorien. seier Bøe.

høydebasseng 3

SPREKKAR: Tydelege sprekkar er å sjå i taket. Kommunen veit enno ikkje om sprekkane leiar heilt opp til overflata.

Foto: ASKØY KOMMUNE
Geir Ove Haugland, VA, Askøy

VA: Geir Ove Haugland frå Askøy kommune sin vass- og avløpsetat viser NRK rundt i høgdebassenget.

Foto: Valentina Baisotti / NRK