Hopp til innhold

Her får kreftsjuke Damian (10) vera med å styra flyet

FLESLAND (NRK): Damian strålte då han fekk vera med å fly under aktivitetsdagen for kreftsjuke barn og ungdommar. «Mamma, dette er ein av dei beste dagane i mitt liv».

Kreftsjuke Damian (10) fekk vera med å styra eit småfly på Flesland

TAKKNEMLEG: 10-åringen frå Masfjorden har blodkreft, og kan ikkje finna på så mykje grunna sjukdomen. Denne dagen vart difor blant dei betre.

– Det var kjempemorosamt. Eg kunne ikkje tenkt meg noko betre, seier Damian P. de Jong frå Masfjorden etter flyturen.

Under aktivitetsdagen «Opptur» på Flesland fekk kreftsjuke barn og ungdommar fly med småfly og sitta i brannbilar, i tillegg til å delta i ulike leikar og spel.

Dagen er årleg arrangert av Bergen Aeroklubb, Kreftforeningen, Avinor og ungdommar frå Mot.

– Det er veldig flott at dei lagar dette til. Den innsatsviljen for pasientane er utruleg, seier mor til Damian, Monya Pedersen.

Går på cellegift

10-åringen Damian P. de Jong fekk ein aggressiv type blodkreft for ti månader sidan. Han går no på cellegift, og kom heim frå sjukehuset torsdag etter å ha vore gjennom ein kur.

– Han har to store kurar igjen, og så er det medisinbehandling. Han må inn igjen annakvar månad. Etter 18 månader skal han få cellegift i ryggmergen, fortel Pedersen.

– Men det går greitt, legg ho til.

Monya Pedersen og Damian P. de Jong

Mamma Monya Pedersen saman med Damian P. de Jong. – Etter aktivitetsdagen sa han til meg: «Mamma, dette er ein av dei beste dagane i mitt liv».

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Ho fortel at ein slik aktivitetsdag som på Flesland betyr mykje for Damian i desse tider.

– No er det avgrensa kva me kan gjera på. Me må vera mykje heime grunna behandling, og får ikkje tid til å gjera slike ting, seier Pedersen.

– Etter aktivitetsdagen sa han til meg: «Mamma, dette er ein av dei beste dagane i mitt liv». Han sa at han jo har ein god del gode dagar, men at denne kom inn blant dei.

– Givande

Bjørn Bull Wingaard i Bergen Aeroklubb fortel at alle familiar, som på ein eller annan måte er ramma av kreft, kan delta på aktivitetsdagen.

– Dette er årets store hending. Ein familiedag.

Bjørn Bull Wingaard

Bjørn Bull Wingaard i Bergen Aeroklubb.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Det er jo stor stas for barna. Og oftast klarar me å lage det til slik at me har eit barn eller ein ungdom med i passasjersetet framme i flyet, slik at dei også kan styra flyet, og det er jo ei oppleving, fortel Wingaard.

Damian (10) synest det var morosamt å letta og landa. Under flyturen la han spesielt merke til Haukeland sjukehus, som har sjølv har vore på, og Brann Stadion.

Frå lokale bedrifter får Aeroklubben og Kreftforeininga sponsormiddel til å gleda folk i sårbare situasjonar året rundt.

– Me synest det er så utruleg kjekt og givande for oss å halda på med dette, og å gi folk ein opptur i kvardagen.