Hopp til innhold

Endeleg gjekk klokkedraumen i oppfylling

– Eg har venta på dette i 12 år, seier organist Asbjørn Myksvoll. Tysdag fekk Johanneskirken endeleg på plass dei nye klokkene.

Johanneskirken fekk nytt klokkespel

NYTT KLOKKESPEL: Etter mange års venting kunne Johanneskirken endeleg få erstatta dei gamle klokkene sine.

Det er fleire gonger eg har hatt lyst å gi opp. Det var ikkje lett å skaffa pengar til dette.

Asbjørn Myksvoll

Johanneskirken sitt nye klokkespel er endeleg på plass i Bergen. Tysdag vart klokkene heist opp i kyrkjetårnet med kran.

Det er Myksvoll som har tatt initiativet til å skaffa klokkespelet. Det er 12 år sidan han fekk ideen til prosjektet.

Har venta i mange år

Myksvoll

STOLT: Initiativtakar og organist Asbjørn Myksvoll har venta i 12 år på å få klokkespelet til Bergen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Klokkespelet vart laga i byen Asten i Nederland og kosta tre og ein halv millionar kroner. Til saman veg klokkene 15 tonn.

– Det er fleire gonger eg har hatt lyst til å gi opp. Det var ikkje enkelt å samle inn pengar. Men no kjem snart alt på plass, seier organisten nøgd.

Han fortel at alt vil vera på plass i løpet av tre veker.

For å få klokkene inn i kyrkja må den eine urskiva i kyrkjetårnet bli fjerna, så skal me heise inn klokkene der, fortel Myksvoll.

Klokkespelet, som er ei gåve frå private givarar, skal kunne spele alt frå salmar til Brann-songar og består av til saman 48 klokker. Den største klokka er 1,6 meter i diameter og veg 2,2 tonn. Den minste klokka er 20 centimeter høg.

Reiste til Nederland for å sjå klokkene bli støypte

klokkespel

VARM GRYTE: Her skal den smelta bronsen i gryta snart bli til klokkene som skal til Johanneskirken.

Foto: Turid Rogne / NRK

I november i fjor reiste Myksvoll til Amsterdam for å vera med når det nye klokkespelet skulle bli laga.

Fleire tonn bronse blei smelta i over 1000 varmegrader før det blei helt over i støypeforma.

Organisten tykkjer det var spanande å sjå støypeprosessen på nært hald.

– Det gjekk veldig fort. Eg visste ikkje at metall kunne renne så raskt.

Blir innvia på nasjonaldagen

Allereie om tre veker kan bergensarane få høyre lyden av det nye klokkespelet for fyrste gong.

– Men då blir det berre nokre tonar. Den ekte premieren blir på sjølvaste nasjonaldagen. Då får ordføraren æra av å opne det.

– Det er utruleg kjekt at dette endeleg skjer. Klokkene er jo kjempesvære, det blir spanande å få dei heist opp, seier kantoren.

SJÅ KORLEIS KLOKKENE VART STØYPTE

Klokkespelfabrikken Royal Eijsbouts i Nederland lagar klokkespelet til Johanneskirken i Bergen.