NRK Meny
Normal

Her får heimlause sove framfor alteret

Akuttovernattingstilbodet for heimlause i Bergen er overfylt. No blir Korskirken tatt i bruk.

Akuttovernattingstilbodet for heimlause i Bergen er no overfyllt. For å bøta på mangelen av overnattingstilbod, blir Korskirken i Bergen sentrum no teken i bruk.

SJÅ VIDEO: Gateprest Trygve Stabrun viser fram kyrkjerommet der heimlause kan få legge seg til å sove. Reporter May-Helen Rolfsnes.

Aldri før har Kirkens Bymisjon opplevd at så mange rumenarar kjem på denne tida av året. No er dei 28 plassane dei har disponible for heimlause alt for lite.

– Slik skal det ikkje vere. Vi treng rett og slett eit større lokale, seier Sebastian Schwalbach, som er ansvarleg for akuttovernattingen ved Kirkens Bymisjon.

Sebastian Schwalbach, Kirkens Bymisjon

RER OPP: Sebasitan Schwalbach ved Kirkens bymisjon rer opp dei 28 ledige sengene dei har.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Tek i bruk kyrkja

For å bøta på mangelen av overnattingstilbod, blir Korskirken i Bergen sentrum no teken i bruk.

– Vi kan tilby overnatting her i kyrkjerommet, seier gateprest Trygve Stabrun og peikar rundt seg i Korskirken.

Det er tomt for feltsenger og dyner, men på kyrkjebenkane er det lagd fram teppe til dei heimlause som treng ein plass å sove.

– Her kan ein legge seg til rette slik ein finn det best og der det er varmast, seier Stabrun.

Men det er uvisst kor lenge ein kan halde Korskirken open for dei som treng tak over hovudet om natta.

– Torsdag har vi jubileum, og ein stor rig her. Difor kan vi ikkje ha dette tilbodet så lenge, seier Stabrun.

Går uvisse netter i møte

– Eg veit ikkje kva eg gjer dersom det er fullt og familien ikkje har nokon stad å sove, seier Julian Filip.

Han kjem til Kirkens Bymisjon for å finne ein stad å sove, og ser bekymra rundt seg når han får vite at akuttovernattingstilbodet er overfylt.

Heimlause Julian Filip

HEIMLAUS: Julian Filip veit ikkje kva han skal gjere dersom det verken er plass hjå Kirkens Bymisjon eller i Korskirken.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– I naudstilfelle må vi kanskje finne ein garasje eller ein plass kor det er litt varmt og det ikkje regnar, seier Filip.

Gateprest Stabrun meiner det må fleire tiltak til.

– Denne situasjonen seier mykje om behovet vi har i Bergen, avsluttar han.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.