Hopp til innhold

Ulvik får Nordens første lokalmatutdanning

ULVIK (NRK): Frå hausten av kan 25 elevar fordjupe seg i faget «lokal matkultur» på Hjeltnes i Ulvik. – Det er på tide med eit slikt studie i Noreg, seier fagleg ansvarleg for fagskulane i Hordaland.

Sysegard

SIKRAR TRADISJONAR: Gro Uglenes meiner det nye studietilbodet kan vere med å sikre tradisjonar. Her er mat frå Uglenes si eiga produksjon.

Foto: Tale hauso / NRK

«Lokal matkultur» er den første yrkesutdanninga i lokalmat i heile Norden.

– Dette er stort for Hjeltnes og Ulvik, men også for matfylket Hordaland som er store på lokal mat, seier Andrid Solaas Innset, fagleg ansvarleg på Hjeltnes for fagskulane i Hordaland.

– På tide

Innset meiner det er på tide at eit slikt studie startar opp i Noreg.

– Vi har både behov og etterspurnad, og det er viktig for kokkar og andre som driv innan yrket å få meir kunnskap og byggje på utdanninga.

Andrid Solaas Innset

BEHOV: Andrid Solaas Innset meiner det er eit behov for ein slik skule i Noreg.

Foto: Tale Hauso / NRK

I første omgang vert utdanningsløpet gjennomført som nettstudie over tre år.

– Gjennom studiet skal dei få lære om produksjon og prosessar knytt til råvarer og korleis dette påverkar kvalitet og smak på produkta, fortel Innset.

Og på Hjeltnes skal elevane gjennom heile spekteret av mat og drikke, både kjøt, fisk, ost, frukt og grønt.

Skal møtast på den gamle gartnarskulen

Sjølv om studiet er nettbasert, skal elevane møte på seks vekesamlingar kvart studieår.

Samlingane skal gå føre seg på den gamle gartnarskulen på Hjeltnes der det snart kjem eit nytt produksjonskjøkken som elevane skal få boltre seg på.

Det er det fleire som synest er positivt.

– Dette er heilt fantastisk. Det er utruleg viktig at folk lærer korleis ein lagar mat og utnyttar råvarene, seier Gro Uglenes, eigar av Syse gard, som driv med gardsutsal.

Gro Uglenes

VIKTIG: Gro Uglenes, eigar av Syse gard, meiner det er heilt fantastisk at den nye skulen skal kome.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Viktig med kunnskap om mat

Uglenes veit godt kor viktig det er med lokale råvarer av god kvalitet. Saman med mannen driv ho med frukt- og kjøtproduksjon.

Ho håpar det nye studiet kan vere med på å sikre tradisjonar.

– Det er utruleg viktig at folk lærer korleis ein lagar mat og korleis ein skal utnytte råvarene. Kunnskapen forsvinn viss ikkje nokon heldt fram med det, seier ho.

Også ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen, synest det er stor stas med den nye utdanninga.

– Dette er gledeleg for heile regionen. Både fordi vi får auka aktivitet, men også på grunn av det nye tilbodet som ikkje finst nokon annan stad i Norden, seier han.