Hopp til innhold

Her får berre dei beste plass

Berre kvar tredje søkar fekk plass på studiespesialiserande på nye Amalie Skram videregående skole i Bergen. Sjå tala frå alle skulane her!

Amalie Skram videregående skole

På Amalie Skram videregående skole får berre kvar tredje søkjar plass. Skulen er heilt ny og opnar i august.

Foto: Hordaland fylkeskommune

I august opnar nye Amalie Skram skole i Bergen dørene for første gang.

Skulen erstattar Bergen Handelsgymnas og Bjørgvin videregående, og er byens mest populære skule for dei som vel studiespesialiserande.

Dette er dei mest populære skulane i Bergen:

  • Amalie Skram vgs: 48,00 karakterpoeng
  • Bergen Katedralskole: 47,50
  • Langhaugen vgs: 44,40
  • Sotra vgs. 44,10
  • Knarvik vgs. 43,80
  • Nordahl Grieg vgs: 43,50
  • Olsvikåsen vgs: 42,50
  • Tertnes vgs: 42,40
  • Garnes vgs: 41,90
  • Sandsli vgs: 41,20
  • Fana Gymnas, Fyllingsdalen vgs og U.Pihl vgs: 40,00
  • Laksevåg vgs: 38,80
  • Askøy vgs: 38,70
  • Osterøy vgs: 31,80
  • Os gymnas: Alle kom inn

Blant dei 1869 som søkte seg inn på Amalie Skram videregående skole, var det totalt 1037 som fekk plass.

Berre 285 av 739 søkjarar til studiespesialiserande på vg1 kom inn.

– Skulen har fått svært mange fleire søkjarar enn det er plassar til, særleg til Vg1 Studiespesialiserande utdanningsprogram. Her er det førebels berre plass til kvar tredje søkjar. Dette vil nok endre seg noko fram til skulestart, men likevel vil nok skulen ha ei relativt høg nedre grense for å få plass, seier Nils Skavhellen, inntaksleiar i Hordaland fylkeskommune.

Totalt er det 17 659 som har fått skuleplass i Hordaland.