NRK Meny
Normal

Han kan bli ny styreleiar i Brann

Hardball-leiar Eivind Kåre Lunde er innstilt som ny styreleiar i 1.-divisjonsklubben. – Eg har hatt eit langt liv med Brann og føler at eg kan hjelpe til og bidra i klubben.

Eivind Kåre Lunde og Brann Stadion

Eivind Kåre Lunde har i mange år vore involvert i investorgruppa Hardball. No kan han bli ny styreleiar i Brann.

Foto: Privat/Scanpix

Det er Bergens Tidende som skriv at valkomiteen er klare med ei ny innstilling til Brann-styre. 28. april blir det ekstraordinært styremøte på Brann Stadion, etter at det førre styremøtet sende klubben ut i det komplette kaos.

Som ny styreleiar i klubben innstiller valkomiteen Eivind Kåre Lunde. Lunde har i mange år vore sentral i investorgruppa Hardball.

Investeringane dei gjorde i 2007 var i stor grad med på å sikre at «gullet kom hem» til Bergen det året.

– Føler eg kan hjelpe Brann

Til NRK fortel Lunde at han trong betenkningstid då spørsmålet frå valkomiteen kom.

– Eg har hatt eit langt liv med Brann og føler at eg kan hjelpe til og bidra i klubben. Så eg svara ja.

Lunde kjem til å trekkja seg frå alle verv i Hardball før det ekstraordinære årsmøtet i slutten av april, slik at det ikkje ligg problematiske bindingar mellom investorgruppa og klubben.

Har respekt for medlemsdemokratiet

Det vakte oppsikt og reaksjonar då Kjell Tennfjord på førre årsmøte trekte seg som styreleiar, 75 minutt etter at han vart valt. Han aksepterte ikkje at heile valkomiteen si innstilling ikkje gjekk gjennom.

Lunde seier til NRK at eit liknande sprell ikkje vil skje om han får tillit frå medlemmane på det kommande årsmøtet.

– Medlemmane i klubben er der for å uttale seg og utføre sine plikter og rettar på ein generalforsamling. Eg ser ganske enkelt på dette. Supporterane har rett til å seie si meining på årsmøtet.

Meiner det er god breidde i innstillinga

Han legg til at han ovanfor valkomiteen ikkje har stilt ønskjer til kven andre han vil ha inn i styret.

– Eg tykkjer valkomiteen gjorde ein god jobb førre gang, og dei har også gjort ein god jobb no. Det er ei god breidde i kompetansen.

Resten av lista frå valkomiteen ser slik ut:

  • Morten Kolseth, siviløkonom og tidlegare Brann-spelar
  • Siren Preto, advokat
  • Birger Grevstad jr, forretningsmann

Resten av styret vart allereie valt på det mykje omtala styremøtet tidleg i mars. Dei tre er nestleiar Henrik Lie Nielsen, supporterrepresentant Åshild Samnøy og vara Krister Hoaas.

LES OGSÅ: Norling: – Bråket gjer ingen skilnad på mitt arbeid | Styrerot forsinker Brann-ansettelser

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo