Hopp til innhold

Transportnæringa: – Russisk rulett å køyra E16

Ei samla transportnæring på Vestlandet har danna felles front mot det dei kallar Europas farlegaste europaveg.

ras E16

DRAMATIKK: Eit vogntog var på veg til Voss då det blei treft av svære steinar som kom ned frå fjellsida ved Bolstad i juni. Føraren vart ikkje alvorleg skadd i hendinga. Transportnæringa krev no strakstiltak.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Hadde eg vore eit brøkdels sekund seinare hadde steinen gått gjennom ruta og rett i fanget på min kjære sambuar.

Fylkesleiaren i Norsk Lastebileigarforbund har sjølv vore døden nær på det som vert omtala som «dødsvegen» mellom Bergen og Voss. Torgils Rogne køyrer strekninga nesten dagleg.

No er han og ei samla vestnorsk transportnæring lei.

– Me kan ikkje vera kjent av at me held oss med livsfarlege europavegar av denne typen, skriv organisasjonane i ei felles pressemelding.

Torgils Rogne

Torgils Rogne fekk denne gjennom frontruta på ein av sine daglege turar på E16 mellom Bergen og Voss.

Foto: Privat

Set fram tre krav

Vestlandsavdelingane av NHO Logistikk og Transport, NHO Reiseliv, Noregs Lastebileigarforbund, NHO Transport, NHO, LO, Yrkestrafikkforbundet og Norsk Transportarbeiderforbund står alle bak oppropet.

Dei ti organisasjonane krev fortgang i arbeidet med oppgradering av E16, betre rassikring, og at fylkesveg 7 vert rusta opp med fleire møteplassar til å betre takla trafikkmengda som omkøyringsveg.

Dei krev planleggingsmidlar allereie i budsjettet for 2017. Sterk prioritering og forsering av utbygging av ny europaveg vert trekt fram som det viktigaste tiltaket.

Å køyra mellom Vågsbotn og Voss blir meir og meir som å spela russisk rulett.

Ove Tepstad, styreleiar i NHO Logistikk og Transport

– Russisk rulett

Mellom 2006 og 2015 har 161 ulukker mellom Vågsbotn og Voss resultert i 19 dødsfall og 43 alvorlege skadde.

I fjor var E16 mellom Bergen og Voss stengt 76 gongar med til saman nesten 18 døgers nedetid.

– Å køyra mellom Vågsbotn og Voss blir meir og meir som å spela russisk rulett, seier Ove Tepstad, styreleiar i NHO Logistikk og Transport, region vest.

Helikopterbilder fra rasområdet på E16 ved Bolstad

VIDEO: Sjå raset ved Bolstad på E16 tidlegare i juni frå lufta.

– Høyrer førkrigstida til

Raset ved Hyvingtunnelen på Bolstad 8. juni tvinga store deler av trafikken over på fylkesveg 7 gjennom Hardanger.

– Det er enkle utbetringar som skal til, seier Rogne, og lanserer fleire møteplassar og utbetring av tronge svingar som strakstiltak.

Verst meiner Rogne det er mellom Øystese og Granvin.

– Strekninga høyrer førkrigstida til, meiner Rogne.

Smalt på Fv7

Slik ser det ut på fylkesveg 7 gjennom Hardanger, når den fungerar som omkøyringsveg for E16.

Foto: Kjetil Rydland

Fylkesordføraren peikar på staten

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) stiller seg bak krava – også dei som gjeld fylkesveg 7.

– Men eg forventar at nasjonale styresmakter ser kor kritisk økonomien i fylkeskommunen er. Me klarar ikkje løftet åleine. Staten lyt vera med å bidra, seier Hestetun.

Fylkesadministrasjonen jobbar med ein utbetringsplan for fylkesveg 7. Planen vil Hestetun ta med seg i møte med samferdselsdepartementet, der finansiering av utbetring av omkøyringsvegar for E16 vil verta tema.

– Me skal leva med europavegen i mange år slik han er no. Då er det heilt avgjerande at me lyfter innsatsen på omkøyringsvegane.

– Rasfare også andre stader

Regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen har stor forståing for krava om tryggare E16 og betre omkøyringsveg, men minner om at det finst andre vegar der rasfaren trugar.

– E39, E134 og ikkje minst riksveg 13. Desse må også takast omsyn til når me skal vurdera midlar og prioriteringar, fastslår Eidsnes.