Hopp til innhold

Her er statsbudsjettet for Hordaland i 2018

Flaumsikring, pengar til veg og bane og meir til Sjøforsvaret. Her er dei viktigaste budsjettforslaga for Hordaland.

E16 og Bergensbanen side om side

MEIR TIL PLANLEGGING: Regjeringa gir 59 millionar kroner til vidare planlegging av ny E16 og Vossebanen.

Foto: Jernbaneverket

Torsdag legg finansminister Siv Jensen (Frp) fram statsbudsjettet for 2018. Eit av forslaga til regjeringa er å gi tre milliardar kroner i skattelette. Samstundes vil dei kutta skattesatsen for bedrifter og personar frå 24 til 23 prosent.

Totalt vil regjeringa bruke 2,9 prosent av oljefondet i budsjettet for 2018.

Her får du eit samandrag av nokre av dei viktigaste forslaga for regjeringa i Hordaland. Heile samandraget kan du lese på regjeringa sine nettsider.

Veg og bane:

  • Regjeringa gir 59 millionar kroner til vidare planlegging av Vossebanen og E16 på strekninga Stanghelle–Arna. Beløpet dekker utgiftene for både bane og veg i 2018.
  • Det kjem nye tog på Vossebanen. I 2018 skal i alt 14 ny togsett av typen Flirt settast i trafikk på Gjøvikbanen og Vossebanen. Det blir også brukt totalt 154 millionar kroner til å auka kapasiteten for nye tog på Vossebanen, Gjøvikbanen og Drammens-området. Mellom anna må det byggast lengre plattformer for dei nye togsetta.
Tog perrong Oslo

NYE TOG: Dei gamle togsetta på Vossebanen blir i 2018 erstatta av Flirt-setta.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Regjeringa gir pengar til å fullføre fornyinga av tunnelar i Masfjorden, Sveio, Bømlo, Bergen, Meland og Stord kommunar. I tillegg får Nordhordlandsbrua pengar til utbetring.
  • 611 millionar kroner blir sett av til vidareføring av prosjektet Arna-Fløen på Vossebanen. Nye Ulriken tunnel er klar til bruk i 2020, deretter skal dagens tunnel oppgraderast.
  • Regjeringa gir 300 millionar kroner til prosjektet med Bybanen til Fyllingsdalen. I september skreiv samferdsledepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune under ein byvekstavtale for 2017-2023, der staten forpliktar seg til å betale 50 prosent av rekninga for Bybanen til Fyllingsdalen.
  • Regjeringa vil legge av 105 millionar kroner til ny planlegging av prosjektet Bergen – Fløen. Prosjektet må planleggast på nytt grunna avklaring om modernisering av Nygårdstangen godsterminal og bygging av trasé for Bybanen. Ny planlegging inneber ei utsetting av ny godsterminal på opp mot to år.
  • Regjeringa vil prioritere midlar til rasteplassar på E134 ved Langfoss, og gang- og sykkelveg langs Eidfjordvatnet på riksveg 7 og legge av pengar til statleg refusjon for kollektivterminalen på Voss.
  • Dei vil også prioritere landstraum på ferjekaiane på Halhjem og Sandvikvåg (E39).
  • På Bergensbanen set regjeringa av 320 millionar kroner til bygginga av eit kryssingsspor på Bolstadøyri. Dette vil sikre kapasitet- og driftsstabilitet for godstransporten på Bergensbanen.

– Vi ser at det er få store, «gryteklare» samferdselsprosjekt i vår region, men vil understreka kor viktig det blir å halda maksimalt trykk for å sikre så tidleg byggestart som mogleg både på ny E39 og E16/Bergensbanen, kommenterer Marit Warncke og Atle Kvamme i Bergen Næringsråd i ei pressemelding.

Oversikt av rasstaden ved Stanghelletunnelen.

PENGAR TIL PLANLEGGING: Slik såg Stanghelletunnelen ut etter eit ublidt møte fjellet ovanfor. Regjeringa legg pengar på bordet til meir planlegging av ny E16 i 2018.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Forsvar:

  • Regjeringa løyver 4,1 milliardar kroner til Sjøforsvaret i 2018, noko som er ein auke på om lag 84,8 millionar kroner.

Utdanning:

  • Regjeringa vil auke løyvingane til Universitetet i Bergen med 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT og 4,5 millionar kroner til Holbergprisen
  • Regjeringa vil auke løyvingane til NHH med 400.000 kroner til 10 studieplassar i IKT
  • Regjeringa vil auke løyvingane til Høgskulen på Vestlandet med 1,7 millionar kroner til 40 studieplassar i IKT.

– Eg skulle gjerne sett at regjeringa satsa enno meir på studieplassar og rekrutteringsstillingar innan marine fag. Dei norske investeringane i forsking og innovasjon ligg under gjennomsnittet hjå OECD-landa, og langt bak nordiske, kommenterer UiB-rektor Dag Rune Olsen.

– Eg meiner skule og utdanning er taparane i dette budsjettet. Det Høgre og Frp set av er berre småtteri samanlikna med skattekutta dei legg opp til. Handlingsrommet er der, men regjeringa nyttar det ikkje, seier leiar for opplæringsutvalet i Hordaland fylkeskommune, Emil Gadolin (Ap).

Bybanestoppet på Kronstad ved Høgskulen i Bergen

IKT-LØYVINGAR: Både Høgskulen på Vestlandet (bildet), UiB og NHH får pengar til IKT-studieplassar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Forsking:

  • Regjeringa vil styrke innsatsen innan havbruksforsking og kunnskap om nye marine artar, og føreslår å auke løyvingane med 14 millionar kroner i 2018. Regjeringa vil også løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt til Antarktis.

– Med dette kan vi skalera opp innsatsen i Antarktis. Det er heilt avgjerande for ei berekraftig forvaltning av krilfisket og økosystemet, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne i ei pressemelding.

  • Regjeringa vil kutte Havforskningsinstituttets ordinære driftsløyving med 10 millionar.

  • Regjeringa føreslår å løyve 10 millionar kroner til å greia ut vidare samlokalisering av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet i nybygg i Bergen. Havforskingsinstituttet og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) er bestemt slått saman til eit nytt forskingsinstitutt frå 1. januar 2018.

Møtte pingvinane i Antarktis

TOKT: Havforskinga får midlar til forskingstokt i Antarktis.

Foto: Synne Asheim Haga

Næring/innovasjon

  • Regjeringa føreslår i overkant av 4,3 milliardar kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, inkludert utrekna skattefrådrag for skattefunnordninga og kapitalfunn.
  • Regjeringa løyver 195 millionar kroner til drift av Teknologisenter for CO₂-fangst på Mongstad.

Klima og flaum:

  • Regjeringa vil å vidareføre ordninga med tilskot frå Miljødirektoratet til kommunale klimatiltak. Den vil dei løyva nærare 107 millionar kroner til i 2018.
  • Regjeringa vil gi 254 millionar kroner til førebygging av flaum- og skredskadar, der rundt 203 millionar kroner går til å gjennomføra kartleggings- og sikringstiltak. Førebels oversikt viser at sikringstiltak i Hordaland vil bli prioritert i 2018, medrekna Odda og Voss kommunar.
Flom i Opoelva i Odda

FLAUMSIKRING: Både Odda (bildet) og Voss blir prioritert når midlar til flaumsikring er sett av i statsbudsjettet for 2018.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Tinghus:

  • Regjeringa gir seks millionar kroner til forprosjektering av ny tinghusløysing i Bergen.

Sysselsetting:

  • Sekretariatet til ei ny diskrimineringsnemnd er bestemt skal ligga i Bergen. Det betyr nye arbeidsplassar. Sekretariatet blir etablert frå 1. januar 2018.

Kultur:

  • Regjeringa løyver 106 millionar kroner til rehabilitering av Universitetsmuseet ved UiB.
  • Vidare vil dei løyve 2 millionar kroner til Kode Kunstmuseer og komponistheim for å dekke auka kostnadar til vakthald og sikring.

Overføringar til kommunane

Høgre- og Frp-regjeringa gir i statsbudsjettet for 2018 3,8 milliardar kroner i frie inntekter til kommunane. Men kommunane har også aukande kostnader og skal kommunane halda tritt med dette må veksten i frie inntekter vera over 2,6 prosent.

I Hordaland er det Os, Austrheim, Fedje, Austevoll og Bergen som kjem best ut. I den andre enden, altså dei kommunane som får mindre å rutta med i frie inntekter, finn vi Jondal, Eidfjord, Ulvik og Granvin.

– Me held fram med å gjera som me har gjort i fire år, nemleg styrka kommuneøkonomien år for år, seier finanspolitisk talsperson for Frp, Helge André Njåstad.

– Med det så bør kommunane som har eigedomsskatt byrja å trappe den ned. Her gjer me også eit grep med å redusere kommunane sin moglegheit til å auke denne skatten frå 2 til 1 promille årleg, held Njåstad fram.

Overføringar til kommunar i Hordaland

Kommune

Vekst frå anslag i kroner

Vekst frå anslag i prosent

Os*

35 057 000

4,4

Fedje

2 067 000

3,7

Austrheim

6 055 000

3,5

Bergen

435 065 000

3,1

Austevoll

9 840 000

3,0

Sund

11 380 000

3,0

Meland

12 767 000

3,0

Voss

23 792 000

2,9

Askøy

41 854 000

2,8

Fjell

33 108 000

2,6

Kvinnherad

18 020 000

2,5

Sveio

7 583 000

2,4

Modalen

1 074 000

2,4

Øygarden

6 398 000

2,4

Stord

22 253 000

2,3

Radøy

6 655 000

2,3

Etne

5 046 000

2,1

Kvam

10 465 000

2,1

Vaksdal

5 103 000

2

Tysnes

3 508 000

1,9

Fitjar

3 186 000

1,7

Osterøy

7 087 000

1,7

Bømlo

10 117 000

1,5

Odda

6 177 000

1,5

Ullensvang

3 404 000

1,5

Samnanger

2 264 000

1,5

Lindås

12 068 000

1,5

Masfjorden

1 918 000

1,5

Fusa

3 275 000

1,4

Eidfjord

814 000

1,1

Ulvik

939 000

1,1

Granvin

783 000

1,1

Jondal

888 000

1,0

Hordaland fylkeskommune

132 114 000

2,1

Kjelde: Finansdepartementet

Ekspander/minimer faktaboks