Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.
1. Bergensbanen og E16
E16 og Vossebanen er den viktigaste politiske saka i Voss dei neste åra. Det er brei semje om K5-alternativet, som gir trygg og raskare veg og raskare reisetid med bana. I valkampen vil mykje handla om kven som har størst truverd når det gjeld å få starta bygginga så raskt som mogleg.
Hans Erik Ringkjøb er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat, og er også ordførar i dag. Iril Schau Johansen er Høgre sin ordførarkandidat. Begge tek til orde for at E16 og Vossebanen bør prioriterast.
Men begge ordførarkandidatane kan skuldast for å møte seg sjølv i døra i spørsmålet om Bergensbanen og E16 skal prioriterast framføre ferjefri E39. Ringkjøb er leiar av Hordaland Ap medan Schau Johansen sit i samferdsleutvalet på fylkestinget.
Fylkespartia har uttala at dei ikkje vil gjera ei prioritering mellom dei to store samferdsleprosjekta.
2. Gratisparkering
Alle partia på Voss meiner ein bør få til ei lik ordning for parkering på Vossevangen og ved Amfi-senteret aust for sentrum. I dag er det betaling på Vangen, medan butikkundane ved Amfi-senteret i praksis har to timar gratis parkering.
Medan venstresida vil krevja betalt frå første time også ved Amfi-senteret, ønskjer høgresida å la dei handlane få parkera to timar gratis både ved Amfi og på Vossevangen.
3. Kraftutbygging i Raundalselva
Raundalselva er ein av tre hovudgreiner i Vossovassdraget og renn gjennom Raundalen og ned til Vangsvatnet. Elva har vore sidan 1986, men Voss Energi og BKK ønskjer å byggja ut kraftstasjonar i vassdraget.
SV og Venstre er heilt i mot og vil halda på vernet. Ap, Høgre og Frp går inn for utbygging.
4. Eigedomsskatt
Voss har i dag 2,4 promille i eigedomsskatt på hus og hytter og sju promille på verk og bruk. Høgre vil redusera eigedomsskatten men er innstilt på at det er vanskeleg å få til. Også Frp vil redusera skatten, medan resten av partia vil behalda eigedomsskatten slik den er i dag.
5. Kommunesamanslåing
Regjeringa har gitt kommunane frist til juni 2016 med å fatte vedtak om samanslåing. I Voss kommune er ein ganske opne om samanslåing men har ikkje teke stilling til kven dei eventuelt vil slå seg saman med.
Ordførar Hans-Erik Ringkjøb har vore over fylkesgrensa i møter med både Aurland og Vik for å diskutera ein potensiell storkommune med store kraftinntekter. Men mykje avheng av kva Vik og Aurland kjem fram til.
I mars vende Granvin og Ulvik tommelen ned for ein stor Hardangerkommune, og det kan bli aktuelt at dei heller ser til Voss. Også Vaksdal kommune kan hamna i ein større kommune saman med Voss.