Hopp til innhold

Her er politikarane sin siste appell til deg

Bergenspolitikarane fekk kvart sitt minutt til å overtyde deg om å velje deira parti under bergensdebatten torsdag. Sjå alle appellane her.

Montasje av bergensdebatten 2015

VIL OVERTYDA DEG: Oppe frå venstre: Dag Inge Ulstein (KrF), Martin Smith-Sivertsen (H), Harald Schjelderup (Ap), Tor Woldseth (Frp). Nede frå venstre: Mikkel Grüner (SV), Sondre Båtstrand (MDG), Sofie Marhaug (R), Erlend Horn (V), Ove Sverre Bjørdal (Sp).

Foto: Montasje / NRK

Vallogo

Det var på slutten av den to timar lange bergensdebatten i går, at kvar listetopp fekk eit minutt åleine til å sjå rett i kamera og overtyde veljarane om å stemme på dei.

Det er siste innspurt i valkampen og klokka tikkar for politikarane som no må gi alt for å få gjerdesittarane til å stemma i deira favør. Fredag var siste sjanse for å stemma på førehand, medan det er ordinær valdag 14. september.

Usikker på kva parti som skal få di stemme? Her får du alle appellane frå bergensdebatten i torsdag kveld:

Erlend Horn (Venstre)

Appell frå Erlend Horn (Venstre)

Vi bryr oss ikkje om ei løysing er offentleg eller privat, så lenge den er god. Det skil oss frå dei raude miljøpartia, som kjempar klimakampen med ei hand bunden bak på ryggen.

Erlend Horn (Venstre)

Harald Schjelderup (Arbeidarpartiet)

Appell frå Harald Schjelderup (Ap)

Eg kjem med eitt løfte. Dersom eg blir byrådsleiar, skal søndagen framleis vera ein annleis dag, der familien har tid til kvarandre, til å gå på tur, nyte kultur og idrett.

Harald Schjelderup (Arbeidarpartiet)

Sofie Marhaug (Raudt)

Når Arbeidarpartiet ønskjer å styre byen saman med KrF, så trengst det ein opposisjon til Venstre i bystyret. Som kan trekke politikken i ein grønare og meir rettferdig retning.

Sofie Marhaug (Raudt)

Tor Woldseth (Framstegspartiet)

Det viktigaste er å skape trygge oppvekstvilkåra for barn og unge. Vi ser mobbing florerer framleis, det er ein uting.

Tor Woldseth (Framstegspartiet)

Ove Sverre Bjørdal (Senterpartiet)

Vi ynskjer eit urbant friluftsliv med grøne lunger og der ingen er lenger unna enn 500 meter til næraste turveg. Maten skal vi leve av, helsa skal vi leve med.

Ove Sverre Bjørdal (Senterpartiet)

Sondre Båtstrand (Miljøpartiet Dei Grøne)

Appell frå Sondre Båtstrand (MDG)

Vi vil sørge for frisk luft heile året. Vi er ikkje berre drøymarar, men beinharde realistar. Og realiteten er at vi ikkje kan halde fram på dagens kurs.

Sondre Båtstrand (Miljøpartiet Dei Grøne)

Mikkel Grüner (Sosialistisk Venstreparti)

Bergen er ein solidarisk by, der vi kjenner på plikta til å hjelpe menneske i naud. Vi vil vere garantisten for anstendigheit og nestekjærleik i bergenspolitikken.

Mikkel Grüner (Sosialistisk Venstreparti)

Martin Smith-Sivertsen (Høgre)

Vi har fått til mykje, men vi vil så mykje meir. Vi har ideane for korleis Bergen kan bli enno betre. Byen treng framleis borgarleg styre.

Martin Smith-Sivertsen (Høgre)

Dag Inge Ulstein (Kristeleg Folkeparti)

Spørsmålet i framtida blir om vi gjorde alt det vi kunne for dei som treng det aller mest. KrF skal gjere alt vi kan for dei som treng det mest.

Dag Inge Ulstein (Kristeleg Folkeparti)