Hopp til innhold

Her er ordførarane sine flaum-krav til Erna

Sju ordførarar på Vestlandet krev krise-midlar til norsk flaumsikring i framtida. Dei meiner mellom anna at NVE får for lite pengar til å gjere jobben sin.

Ordførarane i flaum-kommunane på Vestlandet meiner det hastar å få på plass fleire tiltak.

SJÅ VIDEO: Opo-elva i Odda reiv med seg store delar av bygda under flaumen. Nå står ordføraren saman med seks andre ordførarar bak ei rekke krav til regjeringa.

Dei sju ordførarane i det mest flaum-råka kommunane på Vestlandet skal neste onsdag møte statsminister Erna Solberg.

Dette er ein nasjonal katastrofe når sju kommunar vert råka samtidig.

John Opdal, Odda-ordførar

Over fjellet har dei med seg ei liste på fleire krav til kva dei meiner må bli gjort i kjølvatnet av den store oktoberflaumen.

NRK har fått tilgang på lista over krav. Ordførarane meiner mellom anna det må på plass meir pengar til NVE og midlar til eit nasjonalt naturskadefond.

– Vi meiner på noverande tidspunkt at NVE og andre viktige etatar ikkje kan løysa sine oppgåver med dagens økonomiske rammer, står det i brevet, som er adressert til regjering og Stortinget.

Her er alle krava

Flom på Evanger

VOSS: Vossovassdraget og Vangsvatnet gjekk over sine breidder. Her frå Evanger.

Foto: Ingerid Jordal / NTB scanpix
Flåmselvi sine herjingar

AURLAND: Flåmselva herja med Flåm og Aurland kommune.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Flaum - Lærdal

LÆRDAL: Stor vassføring i Lærdalselvi gjorde at vatn fløyma øver bøar og gardar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Brevet er signert ordførarane i Årdal, Vik, Aurland, Stryn, Lærdal, Voss og Odda, som alle vart hardt råka av flaumen førre veke.

Dei listar opp totalt fire krav til regjeringa og Stortinget:

«1. Auka råmer til NVE som er i samsvar med auken i hendingar grunna klimaendringar. Andre etatar som treng det same må og tilførast auka råmer.

2. Etterslepet som er opparbeide av for låge budsjett over tid må dekkjast inn av ekstraløyvingar no.

3. Det må bevilgast pengar til eit nasjonalt naturskadefond for offentleg infrastruktur, slik at det ved store kriser er midlar tilgjengeleg for Regjeringa til rask og effektiv bruk.

4. Flaumkatastrofane i dei kommunane me representerer er samla av ein slik storleik at me ber Regjering og Storting om straks å bevilga nødvendige midlar til akuttfasten, gjenoppbyggingsfasen og sikring for framtida.»

Førebelse anslag tyder på at skadane etter flaumen på Vestlandet vil kosta fleire hundre millionar kronar.

Invitert av Erna

John Opdal

– NASJONAL KATASTROFE: Staten må inn og hjelpe, seier Odda-ordførar John Opdal.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det er kolossale kostnadar for oss, så vi må få på plass statlege løyvingar ganske raskt.

Noralv Distad, Aurland-ordførar

Høgre-ordførar John Opdal i Odda er ein av dei som kjem med krav til eiga regjering og eigen statsminister.

Erna Solberg var på besøk i fire flaum-råka kommunar førre helg, og kom då med løfter om raske hjelp frå staten.

– Vi har ein del historier frå tidlegare fløymer som viser at vi er for trege i det offentlege. Nå har vi til intensjon om å handle raskt og finne gode løysingar, sa Solberg under besøket.

Det var under besøket på Vestlandet at Solberg inviterte ordførarane på besøk. No vil dei vite kva løfter ho kan gje når kamera ikkje er på.

– Det hastar

Pengekassa i Odda var allereie tom då flaumen kom. Opdal har ikkje sjanse til å ta rekninga for oppryddinga sjølv, og ber om hjelp frå staten.

– Dette er ein nasjonal katastrofe når sju kommunar vert råka samtidig, då meiner eg at staten må stå fram og få dekka det som det kostar å få infrastruktur på plass og sikre bustader, seier Opdal til NRK.

Aurland-ordføraren var fredagsgjest i Vestlandsrevyen.

SJÅ VIDEO: Aurland-ordførar Noralv Distad var fredagsgjest i Vestlandsrevyen - og snakka om korleis han opplevde flaumen.

Noralv Distad i Aurland meiner det hastar.

– Det er kolossale kostnadar for oss, så vi må få på plass statlege løyvingar ganske raskt. Det er mykje som skal gjerast, og no kjem dei langsiktige oppgåvene og dei må vi starte på med ein gong, seier han.

Men i tillegg meiner han saman med dei andre ordførarane også at apparatet for å sikre seg mot flaum i Noreg er alt for dårleg rusta.

– Forsking viser at klimaet er i endring og sjansen for naturkatastrofar grunna klimaendringar er sterkt aukande, utan at det har vore følgt opp med store nok løyvingar til etatane, skriv ordførarane.

Statsministeren på synfaring i Odda

SE VIDEO: Sjå Erna Solberg på besøk i Odda førre helg.