Hopp til innhold

Sjå bileta av albinohjorten på Askøy

Ein sjeldan «albinohjort» kalla «Kvitfjes» har tidlegare blitt observert og fotografert på Askøy, nord for Bergen. No har jeger Terje Haugland klart å ta bilete av det som etter all sannsynlegheit er mora til «Kvitfjes».

Albinohjort

MORA TIL «KVITFJES»: Jeger Terje Haugland tok bilete av denne kvite hjortekolla på Askøy, nord for Bergen, i natt. Ho er truleg mora til «Kvitfjes», den kvite spissbukken som er blitt observert i området tidlegare.

Foto: Terje Haugland

På Askøy, nord for Bergen, kan ein vere så heldig å få auge på noko ein slett ikkje ser kvar dag. I skogen her har albinohjorten «Kvitfjes» halde til, til stor begeistring for dei som har vore så heldige å få eit glimt av den kvite spissbukken.

Terje Haugland

HAR FOTOGRAFERT KVITHJORTEN: Terje Haugland har jakta på Askøy i mange år. Dei siste 4-5 åra har han sett heilt kvite hjortar på øya.

Foto: Privat

No har jeger Terje Haugland klart å ta bilete av det som etter all sannsynlegheit er mora til hjortekjendisen.

LES OGSÅ: Tok unike bilder av albinohjort - Hordaland

– Eg var oppe i natt og såg ut i hagen der det brukar gå hjortar kvar natt. Dei var der i natt og, og innimellom dei lyste det i noko kvitt. Då heiv eg på meg kleda, sprang ut og klarte akkurat å ta nokre bilete før dei såg meg og forsvann, fortel Haugland.

På bileta ser ein det som jegeren meiner må vere mora til den kvite spissbukken «Kvitfjes» som han tidlegare har klart å ta bilete av.

– Det er jo veldig artig å sjå. Ho lyser godt opp, seier Haugland.

Den kvite hjortekolla har fått tre kalvar som alle er kvite. «Kvitfjes» er den fyrste kalven til albinohjorten Haugland tok bilete av i natt. Men kvar han er blitt av, veit ingen. Haugland har ikkje sett «Kvitfjes» på lang tid, men mora hans beitar altså framleis på øya.

  • Sjå video av «Kvitfjes» nedst i saka!
albinohjort

MORA TIL KVITFJES: På bileta ser ein det som jegeren meiner må vere mora til den kvite spissbukken «Kvitfjes» som han tidlegare har klart å ta bilete av.

Foto: Terje Haugland

Sjeldan syn i Noreg

Då Haugland for nokre år sidan fanga «Kvitfjes» på film, var ein av dei som lét seg begeistre Hjorteforskar Erling Meisingset hos Bioforsk.

– Eg har vore i kontakt med fleire kollegaer rundt om i landet og ingen har nokosinne sett maken, sa Meisingset då til NRK. Dette er eit svært sjeldan syn i Noreg, og er kjempeartig.

Det finst ifølgje Meisingset albinisme i genane til norsk hjort, men det gjev som regel berre utslag i kvite klover, flekkar eller gråleg pels.

Dagleg leiar i Norsk Hjortsenter, Johan Trygve Solheim, seier mora til «Kvitfjes» er spesiell, men ikkje eit heilt uvanleg syn.

– Av og til blir det observert hjortevilt som ikkje ser ut heilt som dei vanlegvis gjer.

– Mest sannsynlegvis er dette ein uekte albino, noko som betyr kodar for anna farge eller pigmentforandringar av andre årsaker. Det er det ikkje ofte me ser hos hjort her i landet, men det er meir vanleg blant parkhjort i andre land, seier Solheim.

Albinohjort

SPESIELT SYN: – Av og til blir det observert hjortevilt som ikkje ser ut heilt som dei vanlegvis gjer, seier Johan Trygve Solheim i Norsk Hjortesenter.

Foto: Terje Haugland

Ferierer i Meland kommune

Haugland har jakta på Askøy i mange år, men det er fyrst dei siste fem åra han har sett dei kvite «albinohjortane».

Jegerane som jaktar i området har blitt einige om at kolla skal få leve. Og godt er det, for mora til «Kvitfjes», som nesten er like kvit som han, er meir enn synleg i terrenget.

– Me er tre-fire jegerar som jaktar her og har blitt einige om å ikkje skyte ho. Men ein veit jo aldri kva andre finn på. Det er jo heller ikkje ulovleg å skyte ho, seier Haugland, som håpar den kvite dama får gå i fred.

Ikkje berre har kolla eit spesielt oppsyn, mora til «Kvitfjes» er også ei reiseglad dame. Kvart år sym ho over fjorden for å feriere i Meland.

– Når det er tid for å kalve svømmer ho over fjorden. Ho er blitt observert fleire gonger på andre sida. Så kjem ho tilbake med kalven utpå hausten. Det verkar som om Askøy er ein bra plass å vere, seier jegeren.

Videoen tok jeger Terje Haugland for to år sidan