Her er kvinna som tok makta frå Søviknes etter 20 år

OS (NRK): Den nye kapteinen i Bjørnafjorden kommune håpar å bli ein ordførar for folket når ho snart tek over roret etter Terje Søviknes. – Godt med ei utlufting no, seier Trine Lindborg (Ap).

Trine Lindborg

NY ORDFØRAR: Trine Lindborg (Ap) blir ny ordførar i Bjørnafjorden etter at fleirtalet glapp for Høgre og Frp.

Foto: Silje Thalberg / NRK

– Eg er ei dame frå Os som er kjempeglad i kommunen min og folka som bur der. Eg håpar eg skal gjere ein god jobb for dei, seier Trine Lindborg (Ap).

Søndag blei det klart at det er ho som skal sitte i førarsetet for den nye Bjørnafjorden kommune. Det skjer etter at Frp og Høgre mangla eitt mandat frå å danne fleirtal i den nye kommunen.

Harald Lekven frå Senterpartiet er vald til ny varaordførar. Og Terje Søviknes (Frp) må gi stafettpinnen vidare etter 20 år som ordførar i Os.

Partioppslutning i Bjørnafjorden

31,9 %
4222 røyster
20,8 %
2755 røyster
15,1 %
2001 røyster
13,5 %
1784 røyster
9,1 %
1198 røyster
3,7 %
484 røyster
3,0 %
391 røyster
1,9 %
253 røyster
1,0 %
128 røyster

Frå olje til ordførar

Den nye ordføraren har jobba mange år med petroleumslogistikk hjå Equinor. No ser ho fram til ein heilt annan kvardag som politisk leiar for ein nyfødd kommune.

– Fyrst og fremst vil eg byggje organisasjonen og laget rundt. Eg er opptatt av at Bjørnafjorden skal bli ein open og inkluderande kommune.

Ho nemnar vidare arealpolitikk og næringsutvikling som to viktige saker å gripe fatt i.

– I dag er det mange som pendlar ut av kommunen. Eg ønskjer at folk skal bu og jobbe i Bjørnafjorden, seier Lindborg.

Trine Lindborg

FEIRA MED KAKE: Den nye ordføraren blei feira med kake av kollegaer hjå Equinor.

Foto: Silje Thalberg / NRK


– Ein spesiell dag

Dagens sittande ordførar innrømmer at det er spesielt å gi ordførarkjedet vidare etter så mange år i sjefsstolen.

– Det er ein spesiell dag i dag. Dette har vore livet mitt i 20 år, og eg kjenner på ei tom kjensle no som det vert eit anna fleirtal, seier Søviknes.

Det er MDG, KrF, Sp og Ap som i helga er blitt samde om å danne ein politisk plattform, med SV som støtteparti.

Den avtroppande ordføraren har vore ein svært populær figur i Os i mange år. Sjølv trekker han fram eldreomsorga som den saka han er mest stolt av.

– Vi har bygd ut Luranetunet med ein tropisk hage som ingen har sett makan til i norsk eldreomsorg, seier Søviknes.

Han lovar at Høgre og Frp vil bli ein tøff, men konstruktiv opposisjon den neste perioden.

Terje Søviknes

NYTT KJEDE: Terje Søviknes visar fram ordførarkjedet på kontoret. Frå nyttår blir det byta ut med eit nytt kjede for nye Bjørnafjorden kommune.

Foto: Alrik Velsvik / NRK


– Godt med ei utlufting

Trine Lindborg meiner det var på tide med eit maktskifte etter at Søviknes har sete med klubba heilt sidan 1999.

– Eg har berre positivt å seie om han, men eg tenkjer at det det er godt å få ei utlufting no. Spesielt no som vi skal byggje ein ny kommune, seier Lindborg.

Korleis trur du folk vil merke at det snart er du som sit ved roret?

– Eg håpar dei vil sjå at vi er veldig opne for innspel og at eg er ein ordførar som vil møte dei. Det er folka som er det viktigaste, og ikkje min person, seier Lindborg.

– Veit ikkje kva vi går til

På gata i sentrum av Os er det blanda reaksjonar på at kommunen no får ein ny ordførar.

– Eg var fornøgd med Søviknes og har alltid stemt Frp. Eg har ikkje noko kjennskap til ho nye, seier Karin Marie Ohm.

Det har heller ikkje venninna Norunn Løberg.

– Vi veit jo ikkje kva vi går til. Eg har sagt at så lenge eg bur i Os, så stemmer eg Frp, seier Løberg.

Karin Marie Ohm (t.v.) og Norunn Løberg, Os

VAR FORNØGDE: Karin Marie Ohm (t.v.) og Norunn Løberg er usikre på kva dei skal tenkje om den nye ordføraren i Bjørnafjorden.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Andre er meir positive og meiner det er bra med nye kostar på rådhuset.

– Eg tenkjer at Os treng forandring. Vi har hatt det godt i 20 år, men eg trur at dette berre er bra, seier Katrine Helland Lothe.

Det nye kommunestyret i Bjørnafjorden vil etter planen bli konstituert den 29. oktober.

Katrine Helland Lothe, Os

POSITIV: Katrine Helland Lothe meiner Os treng forandring og er glad for at kommunen no får ein ny ordførar.

Foto: Silje Thalberg / NRK