NRK Meny
Normal

Her er hemmelegheita bak draumekjolen

Den flagrande og romantiske A-linjeforma kjolen lagar du lett sjølv. Her viser me deg trikset til å få til den fine utringinga.

Tine Solheim forklarer og viser hvordan man syr belegg i klær.

FIN KANT: For å gjere kjolen ekstra fin i halsen eller ved ermet, kan du bruke teknikken belegg. Her syner Trine deg korleis du fiksar det.

Denne veka syr deltakarane i Symesterskapet ein A-linjeforma kjole, med mjukt fall og god vidde nedst. Har du lyst til å gjere det same, er det ingen grunn til å la vere. Snittet er enkelt, og kjolen passar til alle.

Heidi Symesterskapet

TEVLING: Heidi og dei andre deltakarane må gje alt dei har for ikkje å bli slått ut av Symesterskapet.

Utfordringa her er å lage ei fin halsutringing ved å sy på ei form for kanting som heiter belegg. Det hjelper me deg med her:

Belegget er eit stykke stoff som klippast i same fasong som ytterkanten på delen av plagget du vil kante (her halsutringinga). Belegget har ei breidde på ca. 4–7 cm tilpassa plagget sin fasong.

Du kan også bruke denne teknikken til å sy forkant og nederkant på ei jakke eller som eit alternativ til skjørtelinning.

Slik får du fin kant på utringinga:

1. Klipp hovudstoff, belegg og vliselin (til belegget).

Belegg trinn 1

2. Stryk vliselin på belegget si vrangside.

Belegg trinn 2

3. Fest belegget med knappenåler langs halsutringinga. Legg belegget si rettside mot rettsida på hovudstoffet.

Belegg trinn 3

4. Sy saman belegg og hovudstoff. Bruk 1 cm saumrom (1 cm mellom saumen og kanten av stoffet).

Belegg trinn 4

5. Klipp hakk inn mot saumen. Dette gjer du for at stoffet skal ligge fint i utringinga når du legger belegget mot plagget si innside. Dette er spesielt viktig i alle bua saumar.

Belegg trinn 5

6. Klipp deretter av halvparten av saumrommet, slik at det er att ca. 0,5 cm av saumrommet. (Du kan også reinklippe saumrom før du klipper hakk. På tjukke stoff reinklipper ein saumrommet i forskjellige breidder slik at det ikkje blir så tjukt og synast på rettsida).

Belegg trinn 6

7. Vreng belegget mot vranga og damp.

Belegg trinn 7

8. Og der har du ei fin halsutringing med belegg på baksida. Denne metoden kan brukast når ein syr andre typar belegg også.

Belegg trinn 8

Siste video

Programleder: Marte Rommetveit
Her fortsetter de diskusjonen utenfor studio