Hopp til innhold

Her er gode råd for å gi personar med demens ei god jul

Fleire hundre tusen pårørande har dårleg samvit og er usikre på korleis dei skal gi familiemedlemer med demens ei best mogeleg julefering. Bør dei til dømes få komma heim i juleselskap?

Kirsten og Rune Samdal

HEIM TIL JUL: Rune og Kirsten Samdal skal feira jul heime i huset, sjølv om ho vanlegvis bur på sjukeheim.

Foto: Christian Lura / NRK

– Me reiser heim og har tradisjonell julefeiring, men på hennar premissar, seier Rune Samdal.

Han er på besøk hjå kona Kirsten Samdal då me møter dei på sjukeheimen der ho bur.

Han finn fram ei julestjerne og set blomen på stovebordet.

– Skal eg setta denne her?

– Ja, nikkar Kirsten.

– ... så får me litt ekstra julestemning?

Ho smiler nøgd.

Kan ikkje gle seg til jul

Det er ikkje så mykje som skal til før det blir jul for ekteparet også i år, sjølv om ho blir på sjukeheimen det meste av tida.

Rune fortel at forventning ikkje er ein del av adventstida for kona hans.

– Det er ikkje slik at ho kan gle seg og sjå fram til jul. Den evna har ho mista. Ho kan heller ikkje erindra så mykje av det som har vore av tidlegare juler.

Det fortel han, medan Kirsten sit ved sida av han og lyttar.

Kirsten Samdal, Rune Samdal

KLEM: – Me held på så lenge ho tykkjer det er kjekt, og så avsluttar me før ho blir altfor trøytt, seier Rune Samdal og får ein klem frå kona Kirsten.

Foto: Christian Lura / NRK

Han legg handa vart bak nakken hennar medan dei sit og snakkar saman i sofaen.

Kirsten får ei lita, grå og mjuk tøymus med nissedrakt og raud topplue å halda i.

«Jul heile året»

Bettina Husebø er professor ved Universitetet i Bergen og Senter for alders- og sjukeheimsmedisin.

Eksperten på aldring og demens har tre råd til dei pårørande når jula nærmar seg.

– Først og fremst bør ein rådføra seg med personalet. Dei kjenner han eller henne best. Viss vedkommande til dømes har ein langt framskriden demens, med mykje angst, uro, depresjon eller apati, må ein tenka seg nøye om vedkommande skal komma heim julaftan.

Det andre rådet er å leita etter og skapa gode situasjonar.

– Ein må skaffa gode augneblinkar. Det dreier seg om desse minna som me alle har frå barndommen.

Det tredje rådet hennar er å gi den med demens same merksemd og opplevingar alle andre dagar som du gir i jula.

– Tenk deg at jul er eigentleg heile året. Det er viktig at me stiller opp også dei andre dagane.

Bettina Husebø

GODE AUGNEBLINKAR: Professor Bettina Husebø har tre gode råd til korleis ein gjer jula til ei god oppleving for ein dement.

Foto: Christian Lura / NRK

Så lenge det er kjekt

I sofaen på sjukeheimen tar Rune fram fotoalbumet slik at dei to kan kikka på gamle bilete i lag.

Det gjer dei kanskje også når ho kjem heim på julefeiring.

– Å feira jul på hennar premissar betyr at det ikkje skal vera for mange gjestar til stades. Og me held på så lenge ho tykkjer det er kjekt, og så avsluttar me før ho blir alt for trøytt.

Og ein ting ho sjølvsagt tykkjer er kjekt, er å synga.

«Heisann og hoppsann og fallerallera» syng ekteparet for oss i sofaen, medan nissedokka gyngar i takt med musikken.

Då Kirsten ser at NRK-reporteren stemmer i songen, ler ho godt, og utbryt:

– Han kan han!