Hopp til innhold

Her er det mest oppdrettslaks i elvane

Ingen andre stadar finst det meir rømt oppdrettslaks i elvane enn i Hordaland. I over halvparten av elvane som er kontrollert er meir enn ein av ti fiskar rømt oppdrettslaks.

Oselva

MYKJE RØMT LAKS: Delen av rømt oppdrettslaks er høg. Størst del er det i Oselva i Os med nesten 60 prosent.

Foto: (cc) Frode H. Korneliussen / Wikimedia Commons

Fiskeridirektoratet har fått gjennomført den største overvakinga av elvane i landet nokon gong, og resultatet i fylket er nedslåande. I over halvparten av elvane som er kontrollert er meir enn ein av ti fiskar rømt oppdrettslaks.

– Hordaland peikar seg ut som det fylket der det er høgast innslag av rømt oppdrettslaks i elvene og det er høgare enn vi ønskjer at situasjonen skal vere, seier Seniorforskar Ove Skilbrei ved Havforskingsinstituttet.

Kan øydeleggja for gytinga

Han har vore med å skriva rapporten om kor mykje uønskt rømt oppdrettsfisk som finst i elvane våre.

– Det er ein stor del av elvane i Hordaland som har meir enn ti prosent rømt oppdrettslaks. Det er høgare enn det ein ønskjer at situasjonen skal vere, seier Skilbrei.

Målet er nemleg at ingen oppdrettsfisk skal menga seg med villfisk i elvane. Den rømte fisken tek med seg lus, og kan øydeleggja for gytinga til den ville laksen som høyrer heime der.

10 av 14 elvar med oppdrettslaks

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

VIKTIG: Fiskeridirektør Liv Holmefjord seier den omfattande rapporten er viktig.

Rapporten frå Havforskingsinstituttet syner ei betring i elvane rundt Osterøy, men at elvane rundt Hardangerfjorden slit kraftig med problemet. 10 av 13 elvar i Hardanger har svært mykje rømt oppdrettslaks i seg.

– Det er vel omtrent det vi forventa, seier Fiskeridirektør Liv Holmefjord

Ho er ikkje spesielt overraska over situasjonen.

– Nei, vi var nok klar over at det har vore ein del av elvane, spesielt i Hardanger, som har hatt eit høgt innslag, seier Holmefjord.

Må setje i gang med utfisking

Holmefjord seier den unike rapporten gjer at ein kan vera tryggare på å setja i gang utfisking av fisk som ikkje høyrer heime i elvane. Altså at ein jaktar og tek ut all rømt oppdrettsfisk i vassdraget.

– Det viser seg diverre at det er behov for å setje i gang utfisking i Hordaland, seier Holmefjord.