Hopp til innhold

Her er det første ikoniske Trolltunga-bildet

To karar på 87 og 78 år og ein svært risikabel fjelltur for 50 år sidan måtte til for å få det aller første postkort-biletet av Trolltunga.

Postkort Trolltunga

IKONISK: Dette bildet av Trolltunga med Andreas Vodahl sittande ytst ute på tunga har pryda 12.000 postkort. Det var første gong den vakre attraksjonen vart vist fram for verda.

Foto: Hagemann, Barthold Henrik

Ein augustdag i 1967 var det solskin og klar himmel, eit perfekt lys for å ta fotografi. Andreas Vodahl og Barthold Hagemann bestemte seg for å dra til fjells og ta eit bilde dei hadde venta på å ta i 50 år.

Dei to hadde i ein mannsalder vandra i fjella rundt Ringedalsvatnet der dei hadde hatt sitt arbeid i høve kraftutbygginga. No kunne dei endeleg få tatt det bildet av den utstikkande fjellformasjonen, Trolltunga, som dei hadde drøymt om så lenge.

B.H. Hagemann

FOTOGRAFEN: Barthold Hagemann fotograferte Trolltunga med Leicakameraet sitt.

Foto: Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Det hasta å ta bildet. Andreas Vodahl var 87 år gamal, medan Barthold Hagemann var 78 år gamal. I eit NRK-intervju frå 1971 fortel Vodahl om den gongen då det endeleg skulle lukkast.

«Det var tredje gangen vi prøvde oss, men endelig skulle vi lykkes. Været var akkurat slik vi ville, med solskinn og klar himmel. Vi måtte få det til. Den er jo enestående den der Trolltunga».

Skulle vere eksklusivt

Også i Haugesunds avis vart Hagemann sin framgangsmåte sitert:

«Jeg slo et borestål ned i en sprekk i fjellet og festet en kraftledning ned i borestålen. Så firte jeg meg ned til jeg hang i den rette posisjonen. Vodahl satt litt for langt inne på Trolltunga, så jeg ropte til han at han måtte komme seg lenger ut. Jeg ville ha beina ut i det fri. Vodahl akte seg lenger ut, så langt at jeg ble rent forskrekket».

Andreas Vodahl

VODAHL: Andreas Vodahl var mannen som sat ytst ute på Trolltunga.

Foto: Privat

Der sat Vodahl dørgande stille i eit kvarter medan Hagemann fotograferte med det tunge Leicakameraet sitt. Under seg hadde dei 250 meter fritt fall ned i ura og 450 meter ned til det spegelblanke Ringedalsvatnet.

Høyr fotografen sjølv fortelje om bildet i radioreportasjen:

Høyr reportasjen om det ikoniske Trolltunga-bildet.

12.000 eksemplarar vart trykka opp av bildet som vart til prospektkort. Fleire skulle det ikkje bli, for Hagemann ville at fotografiet skulle vere eksklusivt.

For 50 år sidan var det ikkje mange som tok turen til Trolltunga. I dag er det derimot blitt eit turistmål som har opplevd besøkseksplosjon. I 2016 er det venta rundt 100.000 besøkande.

Berre på Instagram har emneknaggen #Trolltunga blitt brukt nesten 50.000 gongar.

Turister på Trolltunga

POPULÆRT: I år nådde turismen til Trolltunga for første gong 100.000 besøkande – og attraksjonen vert fotografert hundrevis av gonger kvar dag.

Foto: Asle Hella / NRK

Ville ikkje bruke fotografiet

I 1971 skreiv journalist Jan Gravdal ein reportasje om historia bak bildet, og likte den så godt at han ville sende den inn til magasinet Vi Menn.

Men redaktøren der synest dei to gamlingane var altfor dumdristige og ville ikkje bruke reportasjen.

– Redaktøren ville ikkje lokka andre folk til å gjere det same og gå ut slik på tunga. Det er jo ganske morosamt med tanke på korleis det er i dag, legg Gravdal til med eit smil.