Hopp til innhold

Her er den nye Bybanen

Nytt bybaneglis kom til Bergen med danskebåten i dag. Den nye bybanevogna er 42 meter lang, og over nyttår kjem til det sju stykker til.

42 meter lang og med plass til over 250 passasjerar. Bergensar kan førebu seg på litt bedre plass når dei nye bybanevognene blir sett i drift frå neste år av. Den første av dei nye vognene kom til Bergen i dag.

LANG: Den 42 meter lange bybanevogna vart rygga ut av danskebåten i føremiddag. Den er ti meter lengre enn dei som bergensarane er blitt godt vande med.

Med danskebåten «Bergensfjord» kom det som skal bli framtidas vogner på Bybanen til den nye heimbyen Bergen.

Dei nye bybanevognene er heile ti meter lenger enn dei gamle vognene, noko som vil hjelpa godt på i rushtrafikken der mange opplever Bybanen som i overkant tronge og overfylte.

I dag kom den første vogna frå verkstaden i Berlin i Tyskland. Vogn er nummer 21 i rekkefølga, og det er bestilt sju nye av same lengde som vil komma til Bergen over nyttår.

Må forlenga stasjonane

Med ein lengde på 42 meter får vognene plass til 278 passasjerar, inkludert 111 sitteplassar. Stasjonane mellom Bergen sentrum og Nesttun må faktisk bli forlenga for å romme dei nye vognene.

Til neste sommar blir det mogleg å ta bybanen heilt frå Bergen sentrum til Flesland, og dei nye vognene skal vera klar til dess.

Vogn nummer 21 vil natt til onsdag bli frakta til det nye, gigantiske depotet på Kokstad, der vogna vil gå gjennom meir testkøyring.

Etterkvart vil dagens bybanevogner bli frakta til Tyskland for å bli bygd om til den nye lengden.

Bybanevogn nummer 221 er lengre enn dei gamle

NUMMER 221: Bybanevogna er nummer 21 i rekka og vil bli merka med tala '221'.

Foto: Anders Ekanger / NRK