Hopp til innhold

Her er cruisetrafikken tredobla på fem år – no vil sjølv turistnæringa stoppa vidare vekst

EIDFJORD (NRK): Cruisekaien har skapt millioninvesteringar og arbeidsplassar. No har turistane vorte ein verkebyll for fleire i den vesle vestlandsbygda. Neste år ventar Eidfjord 123 cruiseanløp.

Cruiseskip går fra kai i Eidfjord i Hardanger

SKIP: I år har det vore 89 cruiseanløp i Eidfjord i Hardangerfjorden. Neste år er det venta 123.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Talet på cruiseturistar i norske fjordar er firedobla på mindre enn 20 år, viser tal frå Transportøkonomisk institutt.

Etter at fjordbygda Eidfjord bygde cruisekai i 2005, har kommunen dei siste åra satsa hardt på berekraftig turisme. No vedgår politikarar og turistnæringa sjølv at veksten har gått for fort.

– Cruiseturisme har vore ei vilja utvikling nasjonalt. Me har kanskje fått dette fortare i fanget enn me var førebudde på, seier Anders Vatle.

Han er ordførarkandidat frå Senterpartiet, som no sit med makta i Eidfjord.

– Me må diskutera kva slags turisme me ynskjer i bygda vår. Masseturismen me opplever no skapar ein del utfordringar som tilrettelegging i sentrum og parkeringsplassar til bussar. Dette tærer på bygdefolket, seier Anett Viveli, ordførarkandidat frå SV.

Cruiseskip til kai i Eidfjord i Hardanger

SENTRUM: Cruiseskipa kjem inn til Eidfjord sentrum, kor dei bygde cruisekai i 2005.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Turistnæringa vil setje grense

Kommunen har allereie eit tak på maks 4.000 passasjerar og to cruiseanløp per dag. No vil turistsjefen ha eit årleg tak på 100 cruiseskip.

Neste år er det venta 123 cruiseanløp og 200.000 besøkande, ein tredobling i talet på passasjerar frå 2016 då 67.000 cruiseturistar kom til Eidfjord.

– Me klarar å handtera 89 cruiseskip, og me kan handtera hundre. Men der trur eg me kan få lov å setja ei grense, seier Marit Stadheim, dagleg leiar i Destinasjon Eidfjord.

Cruisekaien har ført til store investeringar i kommunen. Utkikkspunktet på Vøringsfossen er trygga for rundt 300 millionar kroner, og opplevingssenteret for Hardangervidda nasjonalpark er bygga om.

Høgre syntest ikkje at det har gått for langt.

– Nei, ein kan ikkje seia at det har gått for fort. Då me bygde cruisekaien ein del år tilbake sa me ja, og me har satsa med Vøringsfossen og natursenteret, seier ordførarkandidat Aslak Martin Lægreid (H).

Wollert Nordahl i turistbutikken sin i Eidfjord

SUVENIR: Wollert Nordahl driv suvenirbutikk i Eidfjord og har høg omsetnad når cruiseturistane kjem. – Her har dei eigentleg klart balansegangen mellom turisme og infrastruktur som tener bygda, seier han.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Miljøkrav

Fleire bygder og byar slit med cruiseturisme.

I Bergen kallar klimabyråden dei mange cruiseanløpa for «folkeforureining», og i Vik i Sogn fryktar dei for utsleppa.

Frå 1. januar 2020 blir det strengare miljøkrav for cruiseskip som vil besøka verdsarvfjordane. Det har allereie ført til avbestillingar ved populære cruisedestinasjonar som Flåm i Aurlandsfjorden.

DEBATT: Sjå debatten frå Eidfjord kommune. Temaa er mellom anna cruiseturisme, hyttebygging og korleis ein skal få Eidfjord til å bli ein heilårsbygd.

Administrerande direktør i Fjord Noreg, Kristian B. Jørgensen, trur ikkje desse avbestillingane er knytt til restriksjonane.

– Dei reelle konsekvensane trur eg ikkje me ser før i 2026, då restriksjonane for alvor vil påverka kva skip som kan segla i verdsarvfjordane.

Jørgensen meiner lokale styresmakter har makt til å setja foten ned om dei ynskjer.

– Fleire hamner har sett tak, der cruiseselskapa har sagt at dei ynskjer å respektera taka, seier han.

Eidfjord bør ta imot fleire turistar og cruise­bå­tar/​cruise­tu­ris­tar.