Hopp til innhold

Her er brannvesenets nye baby

Brannvesenet skiftar ut bilparken med splitter nye bilar. Her får du ein smugkik på kva du vil komme til å møte på i framtida.

brannbil

FYRSTE I REKKA: Fana brannstasjon har fått den fyrste av dei toppmoderne brannbilane som skal inn hos alle brannstasjonar i Bergen.

Bergen brannvesen synte i dag stolt fram den fyrste av ei rekke nye brannbilar som skal tråle gatene i bergensområdet.

– Det er nødvendig å skifte ut bilane no. Gjennomsnittsalderen på brannbilane våre er over 20 år, men no startar me ei stor utskifting. Dette blir brannstasjonar på hjul, i mykje betre stand, med nytt moderne utstyr, seier brannsjef Johnny Breivik.

Skal betre branntryggleiken

Den fyrste av dei nye brannbilane har komme til Fana brannstasjon, men tilsvarande bilar skal komme til alle brannstasjonane i byen i løpet av 2015 og 2016.

Bilane er enkle i drift, lettbygde og små nok til å passe inn i Bergens tronge gater. Dei er også smekka med toppmoderne utstyr.

Blant det nye er ein høgtrykkslange på 80 meter som har betre trykk enn vanlege slangar, og ei elektrisk tavle som informerer forbipasserande om kva utrykking brannvesenet er ute på.