Hopp til innhold

Her er Brann på plass i USA

Sportsklubben Brann førebur seg på returen til norsk toppfotball. No ventar to knallharde veker i Florida for spelarane.

Brann i USA

BALLEN I SPEL: Brannspelarane er i gang med si første treningsøkt i byen Bradenton på Floridas vestkyst. Her skal dei ha to intensive veker for å førebu seg på ein ny fotballsesong, som i år blir i eliteserien.

Foto: BRANN.NO

Brann-spelarane og støtteapparatet landa i Orlando, Florida, laurdag kveld amerikansk tid. Der venta ein to timar lang busstur ut til Floridas vestkyst og byen Bradenton.

Her skal klubben tilbringa to veker på IMG Academy. Søndagen blir brukt til å koma i gang litt forsiktig etter den lange reisa, før det ventar knallharde treningsøkter.

Frå måndag til søndag skal Brann-spelarane gjennom 11 økter i Bradenton.

– Vi skal trena mykje og godt, og på ein slik måte som gjer at spelarane toler det. I starten på vinteren blir gode treningar viktigare enn treningskampar, seier trenar Lars Arne Nilsen til klubbens nettside.

Lars Arne Nilsen

Brann-trenar Lars Arne Nilsen skildrar spelestilen sin som 'høgtrykksfotball' og vil at spelarane skal springa mykje.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Tøffare treningar

Etter at han tok over er det blitt ein langt tøffare treningskultur i klubben.

Under Rikard Norlings leiing var det fleire saker i media om at laget trente for lite, noko også spelarane gav tilbakemelding om. Nilsen tok over for Norling i mai 2015, og dette blir altså den første sesongoppkøyringa med sotrastrilen i sjefsstolen.

Alle lag som har hatt Nilsen som trenar veit kva som krevst av han.

– Den høgtrykksfotballen vi skal spela krev mykje springing. Då må vi legga eit grunnlag. Vi byrja rett etter sesongen og har halde fram etter nyttår, seier Nilsen.

Store forventingar

Sportssjef Rune Soltvedt kom til Florida allereie seint torsdag kveld. Til NRK fortel han at heile klubben har store forventingar til treningsleiren over dammen.

– Vi har investert mykje i dette og skal gjennomføra denne treningsleiren på ein særdeles god måte. Vi skal trena godt og vera best mogleg førebudd til seriestart, seier Soltvedt og skryt av forholda i USA.

– Det er fantastisk fine forhold her som gir oss dei beste føresetnader for å trena godt.

Brann skal trena ved IMG Academy i totalt to veker. Treningsleiren varar fram til 6. februar. I troppen var det tre nye namn, men tidlegare Sogndal-spiss Ulrik Flo blir likevel ikkje med. Han skal vera i kontraktforhandlingar med ein anna klubb.

Slik skal Brann trena

Det blir altså fullt fokus på treningar framover. Den første treningskampen til Brann blir ikkje før 5. februar, mot Jönköpings Södra IF. Seinare i februar set dei tradisjonen tru kursen mot La Manga, for ein ny treningsleir under optimale forhold.

Ifølge brann.no skal spelarane trena slik den første veka i Florida:

  • Måndag: Fotball + styrke
  • Tysdag: Fotball + individuell utviklingsøkt
  • Onsdag: Fotball
  • Torsdag: Fotball + rolletrening
  • Fredag: Fotball + utviklingsøkt
  • Laurdag: Fri
  • Søndag: Fotball + styrke

Kontraktlause Daniel Braathen er eit av dei nye fjesa i Branns tropp til USA. Førebels skal han berre trena med klubben. Her saman med Sivert Heltne Nilsen før avreise.