NRK Meny
Normal

Her er Brann-kampane NRK sender i 2017

Kan Brann tukte Rosenborg i eliteserien? NRK følgjer kvart minutt frå Brann sine kampar, også i 2017.

Eliteserien fotball 2016: Brann - Sarpsborg 08. 2-1.

JUBEL: Sivert Heltne Nilsen & co. sin veg til sølvet i 2016 vart direktesendt på radio. Også i 2017 sender NRK alle Brann-kampane direkte heim til deg.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Gjennom to sesongar har publikum fått servert SK Brann si ferd frå helvete til himmel på direktesendt radio. I 2016 toppa det seg då klubben tok sølv i retursesongen.

Også i 2017 skal NRK Hordaland følgje bergensklubben tett. Kvar einaste kamp vert sendt direkte på radio.

Anten i sin heilskap eller formidla gjennom 4-4-2 Radiosporten, som hoppar frå stadion til stadion i kvar runde av Eliteserien.

Eliteserien fotball 2016: Brann - Sarpsborg 08. 2-1.

SØLV: Amin Nour feirar BRann-sølvet på Stadion.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Desse kampane går på radio

Kampane som er merka med "NRK P1 Hordaland" går i sin heilskap på kanalen, medan kampane som er merka med "4-4-2" vert rapportert frå i radiosporten si sending på NRK P1.

Oversikta er førebels – det vil bli lagt til fleire kampar undervegs i sesongen!

  • 2. april: Tromsø – Brann (hovudrunde i 4-4-2-sendinga)
  • 6. april: Brann – Strømsgodset (4-4-2)
  • 10. april: Kristiansund – Brann (NRK P1 Hordaland)
  • 17. april: Brann – Haugesund (4-4-2)
  • 23. mai: Lillestrøm – Brann (NRK P1 i Hordaland)
  • 29. april: Brann – Viking (NRK P1 Hordaland)
  • 7. mai: Rosenborg – Brann (NRK P1 Hordaland)
  • 13. mai: Brann-Molde (NRK P1 Hordaland)
  • 16. mai: Brann-Sandefjord (4-4-2)
  • 20. mai: Sogndal-Brann (NRK P1 Hordaland)
  • 28. mai: Brann-Aalesund (4-4-2)
  • 4. juni: Odd-Brann (NRK P1 Hordaland)
  • 19. juni: Brann-Stabæk (NRK P1 Hordaland)
  • 25. juni: Sarpsborg-Brann (4-4-2)
  • 2. juni: Brann-Vålerenga (NRK P1 Hordaland)
  • 9. juli: Stabæk-Brann (4-4-2)
  • 16. juli: Brann-Sarpsborg (NRK P1 Hordaland)

Spenning

– Å følgje klubben dei siste åra har vore utruleg spanande. Fotball er lidenskap, og lidenskap er god radio. Vi ser at fotball er populært og mange følgjer sendingane våre. Responsen på e-post og sosiale medium dei siste to sesongane syner at publikum set pris på tilbodet, seier redaksjonssjef Eva Cathrine Berget i NRK Hordaland.

Dei fleste av kampane vil bli kommentert av NRK-reporter Oddgeir Øystese. Han ser fram til ein ny og spanande Brann-sesong.

– Vi håpar å kome tett på Brann slik me var i sølvsesongen. På sendingane som berre går i Hordaland kan eg kommentere med patriotisme utan å vere redd for å ikkje stå fram objektiv. Det er eigentleg dei kjekkaste kampane for meg, seier Øystese.

– Det er vanskeleg å sjå for seg at Brann skal kunne kome like høgt denne sesongen som dei gjorde i 2016. Men Lars Arne Nilsen har laga eit så solid grunnlag at eg ikkje er redd for noko botnkamp.

Selfie frå Oddgeir Øystese i bua

DIREKTE: NRK-reporter Oddgeir Øystese på plass i kommentatorbua på Brann Stadion.

Foto: NRK

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.