Hopp til innhold

Her er årets bergensar

Helge Jordal er kåra til årets bergensar. – Få har klart å aksle den bergenske identiteten meir tydeleg og trygt, seier sjefredaktøren i BA, som deler ut prisen.

Helge Jordal

PRISTILDELING: Helge Jordal er kåra til årets bergensar av BA.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Ikkje berre er han ein skodespelar som har markert seg i Bergen. Jordal fylte 70 i år, har fått biografien sin gitt ut og har vore aktiv på mange små scener, seier sjefredaktør i BA, Sigvald Sveinbjørnsson.

Avisa deler kvart år ut prisen til ein eller fleire personar som gjennom sitt virke, profesjonelt eller privat, har gjort ein ekstra innsats for å gjere Bergen til ein betre by.

– Det er dette vi heidrar i dag, når Bergensavisen no gir Helge Jordal tittelen som årets bergensar, sa Sveinbjørnsson frå scena fredag ettermiddag.

Helge Jordal

BLOMAR: Jordal på scena saman med ordførar Marte Mjøs Persen

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Det var ein overraska Jordal som blei klappa opp på scena.

Vil flytte frå Bergen

– No er eg jo frå Bergen og skal synest at dette er veldig festleg. Men eg gjer eigentleg ikkje det, sa Jordal då han tok i mot prisen.

Han synest det er kjekt at Bergen har merka seg at han har arbeida hardt dette året, men vil ikkje seie at han er spesielt glad for å bli tildelt prisen.

– Eg har gjort mykje av det eg har lyst til å drive med her i livet. Men eigentleg har eg berre lyst å flytte, seier Jordal til ei latterfylt forsamling.

Til NRK fortel han om ei samansett kjensle etter å ha vunne pris.

– Det er fantastisk å få ein slik pris, men eg har ikkje hatt det noko godt når eg har jobba som berre det dette året. Det var viktig at vi laga ei førestilling om å spele teater, om slitet det er å leve av å spele kvar dag. Det blir eit eige liv, og det er ei vanskeleg motsetnad mellom ditt liv og kunsten sitt liv, seier Jordal.

Sterke kandidatar

BA har delt ut prisen sidan 1998. Sveinbjørnsson er nøgd med å ha fått dele ut prisen til Helge Jordal.

Sigvald Sveinbjørnsson

NØGD: Sjefsredaktør i BA, Sigvald Sveinbjørnsson, er glad for å ha fått delt ut prisen til Helge Jordal.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Det har vore vanskeleg å kåre ein vinnar, då det var mange sterke kandidatar.

Dei andre nominerte var Marte Mjøs Persen, Marthe Valle, Roger Iversen, Sportsklubben Brann, Alan Walker, Cecilia Brækhus, Aurora, Frank Nes og Godthard Larsen.