Hopp til innhold

Her eksploderer jordkabelen midt i eit bustadområde

– Kan potensielt vere livsfarleg, seier brannvesenet. Sjå video i saka.

Jordkabel eksploderer

EKSPLOSJON: Jordkabelen, som vanlegvis ligg under bakken, eksploderte fordi den fekk kontakt med oksygen.

Foto: 03030-TIPSAR

Tidlegare denne veka kunne vitne først sjå røyk sive ut frå ein mur i eit bustadområde i Bergen, etterfølgt av eit høgt smell.

Det viste seg å vere ein jordkabel som eksploderte. Jordkablar har ei spenning på inntil 400 volt.

Ifølgje BKK eksploderte kabelen fordi den fekk kontakt med oksygen. Det hadde oppstått ein slitasje på kabelen i punktet mellom asfalten og steinmuren.

– Det er lite truleg at dette kunne medføre fare for omgjevnadene, men røyk og gnistrar som finn vegen opp frå bakken er godt synleg, seier Ole Johan Hatlen, ingeniør i BKK Nett. ​​​​​​

Hatlen presiserer at dersom ein mistenker feil på elektriske anlegg heime eller utandørs, så bør ein halde avstand og melde frå til straumselskapet så fort som mogleg.

Brannvesenet: – Kan potensielt vere dødeleg

Varabrannsjef i Bergen brannvesen, som også har sett videoen, seier at ein aldri må røre slike kablar.

– Det er farleg fordi den beskyttande isolasjonen rundt kabelen er svekka, seier Frode Bødtker.

Kor gale kunne dette gått?

– Dette er svært vanskeleg å svare på. Potensielt kan dette vere dødeleg ved feil tilnærming. Den største faren her er nok berøringsfaren og eventuelt brannsmitte om kabelen ligg i nærleiken av noko brennbart, seier Bødtker.

Frode Bødtker

VARSAM: – Når brannvesenet får melding om slike hendingar, gjer vi aldri noko før vi har konferert med BKK, seier Frode Bødtker i Bergen brannvesen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Truleg frå slutten av 1960-talet

Jordkabelen som eksploderte er ifølgje BKK truleg frå slutten av 1960-talet.

– Kablar som får ligge i ro utan fysisk påverknad kan ha lang levetid. Nokre høgspentkablar som framleis er i drift er godt over 70 år gamle, seier Hatlen.

Det skjer kring 100 feil i året på jordkablar i BKK sitt straumnett.

– I det kortslutninga skjer oppstår det eit smell med etterfølgjande flamme. Sikringane ryk, og kabelen blir spenningslaus inntil den er reparert, forklarar Hatlen.

Ole Johan Hatlen, BKK

100 FEIL I ÅRET: Ifølgje ingeniør i BKK, Ole Johan Hatlen, skjer det kring 100 feil på jordkablar i deira straumnett i løpet av eit år.

Foto: BKK

Ulike årsaker

Det er ulike årsaker til at slike feil skjer. Bevegelsar i bakken kan føre til at kabelen blir strekt meir enn den toler. Slike jordkablar er nemleg lite fleksible.

– Arbeid i nærleiken av kabelen kan påverke. Til dømes å slå ned gjerdestolpar for autovern, slik at stolpane treff kabelen under bakken. Alder på kabelen i kombinasjon med auka straumforbruk og at kabelen har nådd si tekniske levetid kan også vere årsaker, seier Hatlen.