NRK Meny
Normal

Her demonstrerer vogntoga med køyr sakte-aksjon midt i helgerushet

ARNA (NRK): Yrkessjåførar protesterte søndag kveld på utsettinga av ny E16 mellom Bergen og Voss. Det skapte reaksjonar.

Vogntog og lastebilar køyrde sakte mellom Arna og Trengereid søndag, i protest mot at ny E16 mellom Bergen og Voss er utsett.

KØYR SAKTE: Aksjonen på E16 mellom Arna og Trengereid skapte reaksjonar. Ein bil forsøkte å stoppe heile aksjonen, noko som førte til ytterlegare kø. Foto: Stian Sørum Røkenes

Midt i helgerushet med trafikk frå mellom anna Voss og Kvamskogen, køyrde ei rekke vogntog og personbilar sakte på E16 mellom Arna og Trengereid. Dette for å protestere mot at utbetringa av vegen mellom Bergen og Voss er utsett.

Lekkasjar frå NTP viser at prosjektet ikkje får oppstart i 2021, slik mange venta.

Det har sett sinnet i kok hjå mange, og søndag vart det arrangert folkeaksjon på Øyrane Torg i Arna. Som avslutning samla opp mot 100 køyretøy seg til ein køyr-sakte aksjon mellom Arna og Trengereid.

– Vi var mellom 15 og 20 vogntog, i tillegg til ei rekke personbilar med folk som var med på folkeaksjonen på Øyrane Torg, fortel yrkessjåfør Stig Tore Anthun, som var ansvarleg for siste del av arrangementet.

Vart forsøkt stoppa

– Tanken var å køyre sakte, men ikkje slik at vi stoppa trafikken fullstendig. Det var også viktig for oss at politi og ambulanse enkelt skulle kunne kome forbi. Eigentleg aksjonerer vi for alle som ferdast på denne vegen, seier Anthun.

Men ikkje alle sat pris på aksjonen. Ein bilist forsøkte å stoppe det heile, då vedkommande la seg over i motsett køyrefelt og hindra rekka av vogntog i å køyre vidare (sjå video øvst i saka).

Billist hindra køyr sakte-aksjon

FEIL FELT: Ein bilist la seg over i motsett køyrebane, tuta og forsøkte å stoppe lastebilane og vogntoga.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Eg synest ikkje dette var ein riktig måte å reagere på. Når heile aksjonen blei stoppa opp på denne måten blei det lange køar. Vårt mål var ikkje å skape kø, seier Anthun.

Heller ikkje Sveinung Rieber (H), som er med i aksjonsleiinga, sat pris på hendinga.

Sveinung Riber

KRITISK: Sveinung Rieber (H) meiner det er svært uheldig at ein bil la seg over i motsett køyrefelt og stoppa aksjonen. – Slik skal det ikkje vere.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Slik skal det ikkje vere. Dette er ein aksjon der vi la vekt på sikkerheit, og aksjonerte for betre sikkerheit. Då er det ikkje heldig at ein bil køyrer i motsett køyreretning, seier Rieber.

Før helga fortalde han at både politiet og Vegvesenet var varsla om aksjonen på førehand.

– Uakseptabelt

Med regjeringa sin tidsplan vil det gå 17 år før ny E16 mellom Bergen og Voss står ferdig.

I NTP 2018-29 legg regjeringa opp til å bruke over 14 milliardar statlege kroner på betre veg og bane på strekninga. Etter opprinneleg kostnadsanslag ville det fullfinansiert ny veg på heile strekninga Arna-Voss og ny jernbane på strekninga Arna-Stanghelle. Oppdaterte anslag viser betydeleg kostnadsauke. Det må vi løyse.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Dei siste 17 åra har det vore 584 personskadeulukker og 30 dødsulukker på strekninga, ifølge tal BT har fått av Vegvesenet.

– I dag ferdast ikkje folk trygt på denne vegen, og vi kan ikkje akseptere det høge talet på ulukker, seier Anthun.

Han håpar køyr-sakte aksjonen har gjort fleire merksame på saka. Rieber seier det vil bli fleire aksjonar, dersom det ikkje skjer noko.

– Vi forventar ein beskjed frå regjeringa, elles fortset vi. Det er ikkje snakk om at vi skal gi oss!

Aksjon mot utsettelse av E16 Bergen Voss

DEMONSTRASJON: Eit hundretals personar hadde møtt opp på Øyrane Torg i dag, for å vise si misnøye med at utbetringa av den rasutsette vegstrekninga er utsett.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.