Hopp til innhold

Her byggjer dei verdas største refleks

BERGEN (NRK): Ein rekordstor refleks på nesten 80 m² laga av fleire tusen små refleksar, lyste opp Torgallmenningen i kveld. – Dette gjer vi for å setje søkjelyset på refleksbruk, seier Skyss.

Verdens største refleks

REFLEKS: Ved hjelp av tusenvis av vanlege små refleksar vart dei sett saman til ein kjempestor refleks midt i Bergen sentrum.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– I år hadde vi lyst å gjere noko heilt spesielt, seier Gry Slettjord i Skyss.

Skyss ville i dag gje merksemd til den livsviktige vesle gjenstanden, refleksen.

Frå klokka var 13.00 og i fleire timar utover fredagen var det stor aktivitet på Torgallmenningen. Ved hjelp av tusenvis av vanlege små refleksar vart dei sett saman til ein kjempestor refleks midt i Bergen sentrum.

Håpet er at refleksen på nesten 80 kvadratmeter skal vere verdas største.

Refleks Torgallmenningen

PÅ PLASS: Fleire unge var med å setje på plass små refleksar til ein kjemperefleks på Torgallmenningen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Reflekskampanje kvar haust

Kvart år vert Refleksens dag markert i Noreg, og Skyss som organiserer nesten all kollektivtransport i Hordaland deler ut kvart år refleks til folk om hausten.

– Med refleks er risikoen for å bli påkøyrd i mørket redusert med 85 prosent, seier Slettjord.

Skyss køyre 35 millionar kilometer med bussane sine kvart år, og difor er dei ekstra opptatt av at alle skal synast i trafikken.

– Vi er veldig opptatt av at alle fotgjengarar skal vere synlege, og særleg no som haust- og vintermørket kjem, seier Slettjord.

Gry Slettjord

SYNAST I TRAFIKKEN: Skyss er opptatt av at alle skal synast i trafikken, seier Gry Slettjord i Skyss.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Utdeling av refleks

Etter fleire timar med jobbing kunne den ti meter i diameter store refleksen lyse opp Torgallmenningen med orda «bli sett».

Politiet skal no kontrollmåle at refleksen er stor nok.

– Vi veit ikkje frå før om det er nokon som har prøvd å setje rekord i å byggje ein stor refleks, så det står att å sjå og det blir spennande, seier Slettjord.

Og etter at kjemperefleksen var på plass kunne alle tilskodarar og forbipasserande berre forsyne seg, men med eitt krav:

– Alle kan ta med seg ein refleks, men då må dei også hugse å bruke den, seier ho.

Bli sett - refleks

LANG TID: Det tok fleire timar før refleksen var ferdig. Her byrje orda «bli sett» å vise seg.

Foto: Alrik Velsvik / NRK