Hopp til innhold

Bøndene blokkerte for matlagera – sjåfør køyrde ned sperringar

Mellom 200 og 300 bønder over heile landet sperra for matvarekjedene sine grossistlager. Etter tre timar er blokaden over.

Bondeaksjonen i Arna i Bergen

BOM STOPP: Bøndene aksjonerte over heile landet fredag morgon. Her frå Asko sitt lager i Arna i Bergen.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

Aksjonen starta klokka 06.00 fredag morgon. 26 lager vert fysisk sperra av bøndene, som vil markere si misnøye med jordbruksforhandlingane. Bøndene blokkerer utkøyring av matvarer til butikkane.

Klokka 09.00 opplyser Norges Bondelag at aksjonen er over.

– Vi har oppnådd det vi ønska. Vi har fått merksemd om at norskprodusert mat i butikkane ikkje er noko sjølvfølge, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes til NTB.

Bønder blokkerer Asko i Lillesand
Foto: Sander Heggheim / NRK

Ampert i Bergen

Bøndene plasserte seg framfor dei tre store grossistlagera til Norgesgruppen, Coop og Rema. Konsekvensen var at lastebilane ikkje fekk køyrd ut matvarer til daglegvarebutikkane.

Ved Coop sitt varelager i Bergen vart det ampert. Ein sjåfør hadde ikkje tid til å bli stogga av bøndene sin aksjon.

– Det var ein dansk sjåfør som skulle til Sverige. Han hadde dårleg tid og var ganske hissig. Han køyrde ned alle sperringane våre. Men stort sett blir vi respektert av sjåførane her, fortel leiar Bodil Fjelltveit i Bergen Bondelag.

I Follo avbraut politiet ein aksjon ved Asko på Vestby. Dei meinte aksjonen var ulovleg sidan bøndene ikkje hadde søkt om lov. Etter kort tid fekk dei likevel halde fram med blokaden.

200-300 bønder i hele landet protesterte mot bruddet i jordbruksoppgjøret.

VIDEO: Slik såg det ut bøndene aksjonerte i Bergen.

Kritisk

Aksjonen kjem av bøndenes si misnøye etter at forhandlingane om jordbruket braut saman tysdag. Ein milliard kroner skil mellom statens tilbod og bøndene sine krav. Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) er kritisk til Bondelagets blokade.

Dale seier til NTB at han registrerer at bønder som har takka nei til høgare inntektsvekst enn andre grupper, no set bøndene i gang aksjonar som kan råka vanlege folks tilgang til mat.

– Vi vil synleggjera at norsk mat ikkje er sjølvsagt, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

– Det er ei tydeleg markering frå Bondelaget mot staten. Vi tar ikkje noko standpunkt til det saka dreier seg om, seier kommunikasjonsdirektør Per Roskifte i Norgesgruppen til NTB.

Bondeaksjon Lønningsflaten i Bergen

HISSIG STEMNING: Her ved Coop sitt lager i Bergen vart det litt hissig fredag morgon.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Køyrde ut før aksjonen starta

Varelagera fekk beskjed om aksjonen seint torsdag kveld.

– Difor var det ein del bilar som køyrde ut herifrå før aksjonen vår starta klokka 06.00. Men vi ønskjer å opptre ryddig. Bodskapen vår er at mange tek maten for gitt. Vi ønskjer at folk skal sette pris på den jobben bøndene gjer, seier organisasjonsleiar Lars Petter Taule i Hordaland bondelag