Hopp til innhold

Her blir ulykkesflyet frakta ned

Mikroflyet som styrta på Voss blei i ettermiddag henta ned frå fjellet.

Mikrofly som styrta på Voss

HELIKOPTER: Ved hjelp av eit helikopter blei flyet frakta ned til Voss i ettermiddag.

Foto: Terje Sandvik/Hardanger mikroflyklubb

Trym og Kjartan

OMKOM: Trym Gram-Knutsen (48) og Kjartan Andvik (33) omkom i flystyrten på Voss.

Foto: Privat

Ved hjelp av eit helikopter blei ulykkesflyet frakta ned frå ulykkesstaden ved Store Volavatnet.

Mikroflyet blei sett ned på ein lastebil, og frakta derifrå til flyplassen Bømoen, der den fatale flyturen starta måndag ettermiddag.

– Det er frakta til hangaren på Bømoen for vidare undersøkingar, seier operasjonsleiar Jan Steimler i Hordaland politidistrikt til NTB.

Politiet fekk melding klokka 17.14 om at flyet var henta ned frå fjellet, og ved 18-tida var flyet kome til hangaren.

Styrta rett ned

No skal ekspertar sjå nærare på flyvraket for å prøva å finna ut meir om årsaka til at det styrta.

Norges Luftsportforbund sin havarikomité veit førebels ikkje årsaka til flystyrten. Men komitéen slår fast at det er snakk om ein rein styrt, og ikkje eit mislukka naudlandingsforsøk.

Mikrofly styrta på Voss

STYRTA I SNØEN: Flyet styrta på Stora Volavatnet nord for Voss sentrum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Onsdag gjorde havarikomitéen til Norges Luftsportforbund sine undersøkingar, og kan allereie no fastslå at dei mest truleg ikkje vil koma fram til ein klar og eintydig konklusjon.

Lensmann Ivar Hellene på Voss meiner det er for tidleg å gi opp håpet om å finne årsaka til kvifor mikroflyet gjekk i bakken.

Han håpar det framleis skal vera mogeleg å ta lærdom av ulukka.

– Vi er veldig opptatt av å finna ut kva som skjedde før flyet styrta, seier lensmannen.

– Må læra av ulykka

Jan Fredrik Fleischer Tønjum, leiar i Voss flyklubb, seier til NRK at han framleis klamrar seg til håpet om å finna årsaka til styrten.

– Vi må læra noko av denne ulykka, seier Fleischer Tønjum.

Luftsportmiljøet på Voss skal samlast på Bømoen på sundag for å minnast dei to omkomne.

Mikrofly styrta på Voss

SKAL UNDERSØKJAST: No skal ekspertar sjå nærare på flyvraket for å prøva å finna årsaka til at det styrta.

Foto: Terje Sandvik/Hardanger mikroflyklubb