Hopp til innhold

Her blir makrellstørja satelittmerkt – no er den død

Dårleg start for Havforskingsinstituttet sitt størjeprosjekt, men dei held fram med merkinga.

HER VERT STØRJA MERKA: Fisken har truleg døyd like etter.

Havforskingsinstituttet har fått løyve til å merke tjue makrellstørjer langs norskekysten, for å finne ut meir om korleis fisken vandrar og beitar i havet.

Så langt har det gått trått, og no har havforskarane endå meir dårleg nytt.

Den einaste størja som er satelittmerkt i prosjektet, er død. Truleg døydde makrellstørja kort tid etter at den vart fanga og merkt i førre veke.

– Signala viser at sendaren har lege heilt i ro på 100 meters djup i tre dagar, før den losna og flaut opp nesten same stad som der fisken vart merkt og sett tilbake. Dette er triste nyheiter, seier prosjektleiar og havforskar Keno Ferter til Hooked, som omtala saka først.

Veit ikkje kvifor fisken døde

Den svære tunfisken vart merkt utanfor kysten av Øygarden i Hordaland, og forskarane jobba i nesten ei veke for å få det til.

Makrellstørja er nemleg svært vrien å få på kroken. Etter snart to veker på sjøen, er den døde makrellstørja den einaste som har blitt merkt så langt.

Det er ikkje slått fast om fisken døde av behandlinga og merkinga den vart utsett for.

– Fisken var sjølvsagt sliten etter kampen, men den hadde ikkje fysiske skadar, og den såg ut til å skulle klare seg fint. At sendaren flaut opp der fisken vart sett tilbake, tyder likevel på at den har mista livet like etter at den vart slept uti att, vedgår Ferter.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.

ENORME: Makrellstørje kan bli over tre meter lang og ha ei vekt på fleire hundre kilo. Denne vart tatt utanfor Fedje i Hordaland i fjor.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

«Havet sin formel 1-fisk»

Makrellstørja er mellom dei største og raskaste av alle beinfiskar og kan bli over tre meter lang.

Tunfisken som vart merkt i Øygarden førre veke var 2,40 meter lang. Totalt 15 fiskelag med 70 sportsfiskarar er med på prosjektet i Noreg. Dei er valde ut etter viktige kriterium frå Havforskingsinstituttet.

Mange av dei får oppfylt ein draum. Det er nemleg ikkje lov å fiske størje med stong i Noreg.

– Dette er jo ei historisk hending og kanskje den største i norsk sportsfiske dei siste 40-åra. Vi har gleda oss lenge til denne fantastiske sjansen, sa Asgeir Alvestad til NRK i førre veke.

Held fram som planlagt

Prosjektet med å merke makrellstørje held fram utanfor kysten av Hordaland. Forskarane gjør likevel nokre justeringar. Mellom anna snevrar dei inn området det vert fiska i. På den måten er dei større grad klar til å merke idet fisken bit.

– Det som har skjedd har ingen ting å seie for framdrifta til prosjektet. Det er ein fisk som er død. Det er litt synd at dette var den første fisken vi merka og difor fekk mykje merksemd. Vi har 19 fisk som framleis skal merkast, og held fram som planlagt, seier Keno Ferter til NRK.