NRK Meny
Normal

Her blir fire menn redda opp av sjøen: – Me kjente alkoholdunst

Mann i tidleg 20-åra sikta for ruskøyring med båt i Bergen. Alle om bord var påverka av alkohol.

Fire mann i sjøen da båt kantret ved Eidsvågneset

PÅ KJØLEN: Her blir fire menn redda opp av sjøen ved Eidsvågneset i Bergen. Alle fire var påverka av alkohol.

Foto: Redningsselskapet

Alle naudetatane rykte ut då politiet klokka 06.25 fekk melding om eit kantra fartøy utanfor Eidsvågneset i Bergen.

Ei redningsskøyte plukka kort tid seinare opp fire unge menn frå sjøen og transporterte dei inn til land der politiet stod og venta. Den kvelva båten, ein 18 fots «skjergardsjeep», blei tømt for vatn og taua inn til Tømmervågen.

– Dei var våte og kalde, men var uskadde alle fire, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Skal ha gynga båten og gått rundt

Politiet kjenner ikkje til hendingsgangen, men har fått opplyst at båten gjekk rundt som følgjer av at alle fire om bord samla seg på éi side.

– Av ein eller annan grunn har dei fire gått til styrbord side. Dei har forklart at båten deretter velta. Kvifor dei gjorde det, veit me ikkje.

Dei unge mennene er 20 og 21 år gamle. Sundag morgon blei dei dimitterte.

– Dei var våte og kalde, så dei blei henta av foreldra.

Fire unge menn havnet i sjøen utenfor Eidsvågneset

STOR UTRYKNING: Alle naudetatane rykte ut etter melding om fire personar i sjøen ved Eidsvågneset i Bergen. Dei fire blei redda i land og dimitterte sundag morgon. Ein er sikta for ruskøyring med båt.

Foto: Bergen foto og media

Sikta for ruskøyring

Politiet har teke promilleprøvar av dei involverte. Alle fire hadde drukke alkohol.

– Alle bar preg av å vera påverka av rus, men eg veit ikkje kva resultata frå prøvane viser.

Grensa for promillekøyring på sjøen er 0,8. Mannen som køyrde båten, er sikta.

– Ein person er meldt for å ha køyrt båt i rusa tilstand. Det blir oppretta sak.

– Kjente alkoholdunst

Ni minutt etter at meldinga kom inn, var redningsskøyta «RS 163 Kristian Gerhard Jebsen II» framme. Då redningsskøyta la seg opp på sida av båten, sat tre av dei fire på kjølen av båten.

– Dei hadde klart å ta seg opp på båten. Mennene var fatta og såg ut til å forstå alvoret i situasjonen, seier skipper Alfred Aastrøm.

Redningsskøyta berga dei fire i land og bisto brannbåten med å tømma båten for vatn og taua han inn til land.

Dei fire opplyste ikkje redningspersonane om kva dei hadde sett for seg då dei bestemte seg for å setta ut på sjøen i morgontimane sundag.

– Kva som har skjedd i forkant, veit eg ikkje. Det var ingen skader på skroget som kan tilseia at dei har køyrt på noko. Me kjente at det var alkoholdunst, men slik me oppfatta dei var dei utruleg skjerpa. Alvoret gir nok litt ekstra adrenalin når slikt skjer.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Norge nå er et direktesendt show fra hele landet.
Programleiar: Jan Børge Leirvik