NRK Meny
Normal

Her blir den fullt brukbare dieselbilen vraka fordi eigaren vil hindre forureining

Vil heller tapa pengar enn å bidra til fleire dieselbilar på vegane. Professor meiner dei går for langt.

Vraking av dieselbil

VRAK: Ein av dieselbilane til Sammen har hamna på gjenvinningsanlegget i Rådalen i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi kjem ikkje til å investera i nye dieselbilar. Målet innan 2022 er å berre køyra el-bilar, seier Arvid Ristesund, områdeleiar i Sammen (Studentsamskipnaden på Vestlandet).

Sammen har som mål om heilt fossilfri drift innan fire år.

Verksemda bytter no til el-bilar for sine tilsette, og sender heller dieselbilane til opphogging enn å tena pengar på bruktbilsal.

Arvid Ristesund og bilseljar

VIL BYTTE: Områdeleiar i Sammen, Arvid Ristesund hentar den nye elbilen før han skal vraka endå ein dieselbil.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Hindrar at andre forureinar

Studentsamskipnaden er ikkje nøgd med å berre kutta sine eigne utslepp. Dei vrakar bilane for at andre bileigarar ikkje skal forureina.

– Vi vil vera tydlege på klima. Vi ønskjer å visa at om bilen ikkje er god nok for oss, så er den heller ikkje god nok for naboen, seier Stein Ove Halhjem, boligdirektør i Sammen.

Han meiner dei gamle dieselbilane forureina for mykje.

– Derfor ta vi dei ut av marknaden, seier Halhjem.

Stein Ove Halhjem

KLIMA: Stein Ove Halhjem, boligdirektør i Sammen, meiner det er viktig å vera tydeleg på klima.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Vil få dei ut av trafikken

NRK er med på varebilen si siste reis til gjenvinningsanlegget i Rådalen i Bergen.

– Dette er fornuftig. Tidlegare har vi selt nokre bilar som hadde restverdi, men dei siste åra har vi køyrd dei til gjenvinning for å få dei ut av trafikken, seier Ristesund.

Han innrømmer at bilen som har køyrd 120.000 kilometer er i god stand og kunne ha kjørt nesten det doble med godt vedlikehald.

– Men i staden for dyre reparasjonar er det riktig å skrapa den og bytta den ut med el-bil, seier Ristesund.

Skeptisk

I fagmiljøa er det delte meiningar om det er eit godt klimatiltak å vraka forureinande bilar.

– Eg synest det er å ta litt hardt i, seier Gunnar S. Eskeland.

Han er økonomiprofessor ved Norges Handelshøyskole og studerer klimaspørsmål, energiøkonomi og utslepp frå transport.

– Ein av grunnane til at eg ikkje synest det er så opplagt at desse dieselbilane skal på søppelhaugen, er at det har ein miljøkostnad å produsera bilar.

Ragn-Sell klargjer Sammens varebil for opphoggging

KLARGJER: På gjenvinningsanlegget blir dieselbilen klargjort til opphogging.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han meiner at i nokre hushaldningar kan ein slik bil faktisk koma til nytte.

– Om det er ei hushaldning som køyrer lite og i eit mindre forureina område, så gjer det ikkje så mykje om bilen brukar fossilt brensel, meiner professoren.

– Bra strategi

Leiar Håvard Haarstad ved Senter for klima og energiomstilling ved UiB, meiner derimot det kan vera ein god strategi å vraka dieselbilar.

Organisasjonen Framtiden i våre hender er mindre sikker: Dei meiner ting bør vara og brukast lengst mogleg, men at vraking vil auka bruktprisen og gjera dieselbilar endå mindre populære.

Men alle er tilsynelatande samde om at det er eit problem når mange gamle dieselbilar blir selde til fattige land, fordi forureinande bilar då blir billigare og meir ettertrakta der.

Siste video

Programleiar: Tale Hauso
Panini-bølgen sprer seg over landet under VM.
Kvinner i klart undertall gatelangs i Bergen. Nå blir det endring.