Hopp til innhold

Her blir 19-åringen tatt i 158 km/t på motorvegen

Med to unge kvinner i bilen, trykka 19-åringen gasspedalen til botns på E39 i Bergen. – Hasardiøs køyring, seier UP-sjef.

Råkjøring på E39 i Bergen natt til 12.april

UNG SJÅFØR OG PASSASJERAR: Ein 19-åring vart målt til 158 km/t, med to unge kvinner som passasjerar i bilen.

Foto: Utrykkingspolitiet

Utrykkingspolitiet sperra opp auga og skrudde på målaren då dei kom over ein bil i vill fart på E39 i Bergen klokka 02.00 i natt.

Bak rattet sat ein 19 år gamal mann.

Farten vart målt til 158 km/t i 80-sona. To kvinner på 17 og 18 år var passasjerar i bilen.

– Dette er hasardiøs køyring. Dette tykkjer eg ikkje noko om, reagerer UP-sjef Terje Oksnes på Vestlandet.

Kontrollen vart gjennomført som ei snittmåling, det vil seie at ein sivil UP-bil låg bak 19-åringen og målte farten ved hjelp av eit apparat på dashbordet.

Risikerer fengselsstraff

19-åringen vart fråteken førarkortet på staden og er politimeld, opplyser operasjonsleiar Tatiana Knappen til NRK.

Med andre ord risikerer sjåføren fengselsstraff for å ha køyrt dobbelt så fort som han har lov til på motorvegen i Bergen.

19-åringen passerte også ein anna bil i den store hastigheiten.

– Med to unge kvinner i bilen som han kanskje skulle vise seg for, så var det nok ikkje trafikken som var hovudfokuset hans. I denne farten er det eit enormt skadepotensial om det skulle skje ei ulukke, seier Oksnes.

Han legg til at dei to unge passasjerane kan risikere straff også, om politiet avdekkjer at dei har påverka sjåføren til å køyre fort.

Skrekk-veke

Råkøyringa i natt kjem i tillegg til det nedslåande resultatet av storkontrollen i veke 14, som NRK skreiv om torsdag.

Nesten 4000 vart tatt for råkøyring på norske vegar, sjølv om politiet gjekk breitt ut og informerte om aksjonen.

151 av dei køyrde så fort at dei mista lappen.

– Vi veit at over 40 prosent av all trafikk går over fartsgrensene. Samstundes er høg fart det som forårsakar flest dødsulukker år etter år, sa UP-sjef Runar Karlsen til NRK i går.

Fartsovertredelser per UP-distrikt og politidistrikt

UP-distrikt/politidistrikt

Antall saker

UP Øst

880

UP Sør

916

UP Vest

719

UP Midt

434

UP Nord

544

Øst politidistrikt

12

Innlandet politidistrikt

17

Sør-Øst politidistrikt

42

Sør-Vest politidistrikt

9

Vest politidistrikt

73

Møre og Romsdal politidistrikt

55

Trøndelag politidistrikt

7

Nordland politidistrikt

25

Troms politidistrikt

4

Ekspander/minimer faktaboks