Hopp til innhold

Hengde opp gigantbanner med reklame for norske fjordar – det var ikkje lov

Reklameplakaten på Torgallmenningen må vekk, krev kommunen. – Eit prøveprosjekt, unnskyldar huseigar.

Turistar framfor gigabanner på Torgallmenningen i Bergen

GIGANTBANNER: Reklamebanneret på Torgallmenningen i Bergen er ulovleg sett opp. No må det fjernast før torsdag, seier byråden.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Det enorme biletet av blå fjord, vakre fjell, grøne bakkar og frukttre skal selja fjordcruise til turistar i Bergen.

«Make this a year to remember» skriv Norled, som står bak kjempeannonsen som dekker eit halvt hus på hjørnet av Torgallmenningen i Bergen.

Det var berre eit problem: Reklameplakaten var strengt ulovleg, skriv Bergens Tidende.

Må søkja om å reklame i byrom

Det er nemleg ikkje lov å plassera eit slikt banner i hjarta av byen utan å søkja.

I ein e-post til avisa skriv byråd Anna Elisa Tryti (Ap) at etaten verken har fått ein slik søknad frå Norled eller har gjeve løyve til å setja opp reklamen på Torgallmenningen.

Anna Elisa Tryti

FREKT: Byråd Anna Elisa Tryti meiner det er frekt å ta seg til rette på denne måten.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Bergen skil seg ut i Noreg ved at reklame ikkje pregar bybiletet. Det har vore ein medviten politikk dei siste 20–30 åra, og slik skal det framleis vera, seier Tryti til NRK.

I juni spurde vaktselskapet «7 Fjell Eiendomsservice» kommunen om dei kunne setja opp eit banner på bygningen. Då fekk dei melding om å senda ein søknad, slik Plan- og bygningslova krev, i tillegg til å varsla naboane.

Kan få 75.000 i bot

– Dette banneret er søknadspliktig. Det er ikkje kome inn nokon søknad, og i dag har kommunen gjeve pålegg om å fjerna banneret med det same, seier Tryti.

Eit kjempebanner dekkjer nesten eit heilt hus på Torgallmenningen i Bergen.

SØKTE IKKJE: Dette er ikkje greitt, slår byrådet i Bergen fast om den enorme turistreklamen. Huseigar lovar å få vekk plakaten tysdag kveld.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Det veil seia at dersom banneret ikkje er vekke torsdag, får huseigar ei eingongsmulkt på 75.000 kroner, og vidare dagmulkter på 3000 kroner fram til banneret er vekke.

– Det er frekt at folk tek seg til rette og hengjer opp slikt. Og kjem det no ein reaksjon på frå kommunen, slår Tryti fast.

Lovar å fjerna

Banneret skal ikkje berre sikra huseigar inntekter, det skal også fungera som solskjerm for leigetakarane i bygget.

– Me har berre snakka med huseigar, som ynskte dette som eit prøveprosjekt, seier Ok-Hini Rønning i marknadsavdelinga til Norled til BT.

Men det endrar ikkje saka.

– Det betyr ingenting at huseigar kallar dette eit prøveprosjekt. Dette er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, og etter kommunedelplan sentrum. Dette er ein verneverdig fasade, og søknaden skulle uansett vore send, og han ville uansett ha vorte avslegen, avsluttar Tryti.

Huseigar opplyser til NRK tysdag ettermiddag at plakaten skal ned i løpet av kvelden.