NRK Meny
Normal

Hengaren losna og trefte trebarnsfar: – Pregar meg kvar dag

Vegvesenet slår fast at traktorhengaren som trefte ein møtande bil ikkje var godt nok festa. Traktorsjåføren ventar fortvila på svar frå politiet.

Dødsulykke på fv. 49 i Kvam

TREFTE BILEN: Traktorhengaren losna og trefte den tredje bilen som kom køyrande i motsett køyrefelt. Føraren mista livet.

Foto: Statens vegvesen

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har granska dødsulukka på fylkesveg 49 ved Vikøy i Kvam i fjor, der ein traktor mista tilhengaren.

Hengaren trefte ein personbil i motgåande felt. Sjåføren, den 37 år gamle trebarnsfaren Mikal Aarekol, mista livet i ulukka.

Det har lenge vore klart at tilhengaren losna frå traktoren, men spørsmålet har vore kva det skuldast.

Vegvesenet konkluderer med at tilhengaren ikkje var festa skikkeleg.

«Den kritiske hendelsen i denne ulykken var at tilhengerfeste på traktor som er forskyvbart, ikke var kjørt helt inn og låst i kjørestilling før kjøring startet. Det var akkurat nok klaring på tilhengerfestet til at tilhengerkoblingen kunne passere bolt i kobling og løsnet.»

Auga på hengjarfestet står slik at det glir ut av posisjon

GLEI AV: Statens vegvesen har rekonstruert hendinga. Auga på hengjarfestet står slik at det glir ut av posisjon.

Foto: Statens vegvesen / Statens vegvesen

– Ulukka er spesielt tragisk

Sjåføren og den omkomne budde ikkje langt frå kvarandre i hardangerkommunen og høyrde begge til same omgangskrets.

Hans Olav Hellesøe leiar ulukkesgruppa til Statens vegvesen. Han seier rapportane deira er til for læring og å førebygga nye ulukker.

Denne ulukka er eit eksempel på kor gale det kan gå etter ein relativt liten feilhandling. Med to partar i eit lite samfunn, så er denne saka spesielt tragisk, seier Hellesøe til NRK.

Traktorsjåføren: – Vondt å ikkje vita

Føraren av traktoren vart sikta for brot på vegtrafikklova paragraf 3. Politiet har enno ikkje avgjort om sjåføren også skal siktast etter straffelova.

Politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen overtok saka i januar. Saka er ferdig etterforska, seier ho.

– Eventuell endring av siktinga vil bli tatt stilling til når saka skal avgjerast, eventuelt ved oversending til statsadvokaten. Saka er klar til å bli vurdert av påtale, men det er ei alvorleg sak som krev grundige vurderingar.

Over eit år etter ulukka veit traktorsjåføren ikkje om han blir straffa.

– Å gå å tenka på dette i over eit år, er heilt forferdeleg. Det er vondt å ikkje vita noko, seier mannen til NRK.

Han har sjølv lese ulukkesrapporten, og seier den fatale ulukka pregar han kvar dag.

– Eg forsøker å gå vidare, og ser fram til å få eit endeleg svar.

Tilhengjaren slik han skal ha treft bilen

REKONSTRUKSJON: Statens vegvesen har rekonstruert hendinga. Bilete viser tilhengerposisjonen i det den trefte bilen.

Foto: Statens vegvesen

Måtte svinga unna

Ulukkesrapporten fortel meir om kva som skjedde i dei skjebnesvangre sekundane då tilhengaren losna frå traktoren.

Tilhengaren hoppa av festet då den passerte ein fartsdump 126 meter før ulukkestaden.

Tilhengaren vart så slept etter traktoren av hydraulikkslangen i nokre meter, før også slangen rauk av.

Personar i to møtande køyretøy oppdaga tilhengaren som var på veg mot dei. Den andre bilen måtte auka farten og svinga ut mot høgre for å unngå å bli treft.

I den tredje bilen kom trebarnsfaren køyrande. Han klarte ikkje svinga unna, noko både sjåfør og passasjer i bilen framfor fekk med seg i bakspegelen.

Begge dei to sjåførane stogga og sprang tilbake for å sjå korleis det gjekk med mannen. Dei konstaterte raskt at det var alvorleg og ringde 113 og bad om redningshelikopter.

Tilhengeren lagde merker i asfalt

SKRAPA: Tilhengaren hoppa av 126 meter før ulukka inntrefte. Det er funne fleire spor i vegbana som stadfestar dette.

Foto: Statens veegvesen

Vil ha varslingssystem

Granskarane har fleire forslag til tiltak for å hindre at liknande ulukker skjer igjen.

Mellom anna foreslår dei eit varslingssystem som gir beskjed om hengaren ikkje er korrekt festa. Dei foreslår også automatisk/mekanisk brems på tilhengarar som slår inn om den ikkje kopla til traktoren lenger.

Les òg: Trebarnsfaren Mikal (37) døde i ulykken: – En hel bygd er rammet

Les òg: Én mann død etter trafikkulykke i Kvam