Hopp til innhold

Helsetoppen krev endring

Norske helsetoppar krev raskare og grundigare etterforsking av unaturlege dødsfall på norske sjukehus.

Kjersti Toppe om pårørandesaka.

Kjersti Toppe og fleire andre helsepolitikarar er uroa over at unaturlege dødsfall på sjukehus sjeldan vert etterforska.

Foto: Fotomontasje

NRK har tidlegare fortalt om to unge, friske menn som begge døydde etter ukompliserte operasjonar.

Davoud Rasti i Bergen og Benjamin Lie som vart operert på Ringerike sjukehus døydde begge etter ein kombinasjon av sterke smertestillande medikament og for dårleg tilsyn.

Davoud Rasti

Davoud Rasti døydde av ein kombinasjon av sterke smertestillande medikament og for dårleg tilsyn.

Foto: Privat

Les òg:

Helsetoppar er uroa

– Det er ikkje så ofte at eg er bekymra som helsepolitikar, men når det gjeld det me har høyrt om desse sakene så blir eg bekymra. Det er så alvorleg, seier Kjersti Toppe (Sp) i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Toppe er ein av fleire helsetoppar som no uttrykkjer uro over dagens system kring unaturlege dødsfall på norske sjukehus.

– No ser me at systemet absolutt ikkje er godt nok, seier Toppe sin komite-kollega Laila Dåvøy (KrF).

– Systemet er ikkje godt nok

I fjor vart det meldt inn 372 såkalla unaturlege dødsfall til Helsetilsynet, men få blir etterforska av politiet. Systemet er ikkje godt nok, meiner Høgremann Bent Høie.

Bent Høie (Høyre)

Bent Høie (H) seier at partiet no vil krevje endringar i systemet.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

– Me kjem til å krevje handling, og me kjem til å krevje at skjer konkrete endringar. Dagens system med helsetilsyn og eit politi som sjeldan går inn og etterforskar er ikkje haldbart.

– Politiet skal ikkje vente på helsetilsynet

Helsetilsynet si ferske utrykkingsgruppe skal rykkje ut ved alvorlege hendingar i helsevesenet. Men den siste tida har kritikarane peika på få utrykkingar og lang responstid, og politiet ventar på helsetilsynet.

– Slik skal det ikkje vere, seier helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

– Politiet gjer sine eigne vurderingar og dei er dei fyrste som skal verte varsla når det skjer eit unaturleg dødsfall. Dersom det er behov for det skal politiet hente inn sine eigne uavhengige råd.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen seier det ikkje er riktig at politiet skal vente på at Helsetilsynet har gjort sine vurderingar.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK