NRK Meny
Normal

- Det skulle dei ikkje gjort

Haukeland sine folk skulle ikkje ha oppsøkt Oddmund Hjartåker heime, meiner Helsetilsynet. 

Haukeland sjukehus får kraftig kritikk av Helsetilsynet  for korleis dei takla tilhøvet til dei pårørande i samband med sjukehusopphaldet til Kristina Hjartåker.

- Fire mann troppa opp heime

Kristina Hjartåker vart funne livlaus då ho vart greve fram frå jordmassane etter det store jordskredet på Hatlestad terrase.

Den fire år gamle jenta vart  kopla til ei pustemaskin, men ifølgje sjukehuset reagerte ho ikkje positivt på nokre av behandlingsmåtane.

Sjukehuset foreslo difor for faren til Kristina, Oddmund Hjartåker, at pustemaskina vart slått av, noko han sette seg mot.

Onsdag 1. februar 2006 dukka assisterande sjukehusdirektør Stener Kvinnsland opp heime hos Hjartåker saman med to andre legar og sjukehuset sin tryggleiksssjef.

Ifølgje Hjartåker skal dei fire frå Haukeland ha kome med truslar i den hensikt å få fullmakt til å kople Kristina fra pustemaskina.

- Burde venta til dagen etter

Dei fire frå Haukeland skulle ikkje ha møtt opp heime hos Hjartåker, seier avdelingsdirektør i Helsetilsynet, Gorm Are Grammeltvedt.

- Slik vi vurderer det, var det uforsvarleg på det grunnlag ein hadde å oppsøke faren heime. Etter vår vurdering burde ein venta til eit planlagt møte som skulle haldast dagen etter.

Kristina vart kopla frå pustemaskina 7. februar. Ho døydde nokre få timar etter.

Oddmund Hjartåker hilser på Stener Kvinnsland
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.