Hopp til innhold

Helseministeren besøkte Odda: – Befolkninga har blitt høyrd

ODDA (NRK): Tysdag var helseminister Bent Høie til Odda for å møte dei som har kjempa for sjukehuset. Han står fast ved at tilbodet i framtida skal vere like bra som i dag.

Bent Høie på Odda sjukehus

GJEST: Tysdag var helseminister Bent Høie på besøk ved Odda sjukehus. Her vart han orientert om det akuttkirurgiske tilbodet, og fekk møte fleire tilsette ved sjukehuset.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg håpar dette vert ein god start på prosessen vidare, seier helseminister Bent Høie.

Tysdag var han på plass i Odda, for å få bli orientert om akuttilbodet på sjukehuset. Det skjer dagen etter at Stortinget gjekk inn for at akuttkirurgien i Odda skal vidareførast som i dag, slik helse- og omsorgskomiteen gjekk inn for førre veke.

Fleire har peika på at vedtaket er utydeleg, og ikkje nok for å redde heile akuttilbodet. Etter vedtaket i Stortinget sa Kjersti Toppe (Sp) til NRK at det er fare for at aksjonistane, som lenge har kjempa for akuttkirurgien i Odda, blir lurt.

– Tilbodet er sikra

Helseministeren har no lova å sørge for at den samla beredskapen skal haldast på dagens nivå. Samtidig kan han ikkje sjå bort frå endringar i dagens organisering.

– Vi har ikkje teke stilling til korleis tilbodet skal organiserast på sjukehuset, det er eit lokalt ansvar. Men eg har gitt føringar på kva som skal bli resultatet for befolkninga og pasientane i Odda, og kjem til å følge med på at avgjerslene som blir tekne lokalt er i tråd med dette, seier Høie.

Bent Høie i Odda

ETTERLENGTA: Helseminister Bent Høie har vore invitert til Odda fleire gongar, men kom fyrst etter at Stortinget hadde gjort vedtak i saka. – Hadde eg kome midt i diskusjonane, kunne det ha kortslutta dei lokale prosessane, seier Høie.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Er det akuttkirurgiske tilbodet ved Odda sjukehus sikra?

– Ja, det skal vere tilbod òg til alvorleg skadde pasientar. Det skal vere kirurg og ortoped tilgjengeleg heile døgeret. Korleis det skal organiserast skal den lokale prosessen no finne ut. Eg meiner Odda har blitt høyrd i denne prosessen.

Store forventningar

På sjukehuset møtte Høie leiarar, tillitsvalde og ordføraren i Odda Roald Aga Haug. Han meiner det var på tide at helseministeren no tok turen til Odda.

– No har han fått sett korleis heile sjukehuset fungerer, og det trur eg er bra.

– Er stemninga her lettare no, etter vedtaket i Stortinget på måndag?

– Både og. No har Stortinget gitt klar beskjed om kva dei meiner, og vi må sjå til at dette vert følgd opp i praksis, seier ordføraren.

Trond Dyngeland, Odda sjukehus

BEKYMRA, MEN GLAD: Kirurg ved Odda sjukehus, Trond Dyngeland, er glad for at akuttkirurgien består, men uroa for at vedtaket ikkje er tydeleg nok.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kirurg Trond Dyngeland har vore i kontakt med helseministeren fleire gongar undervegs i prosessen. Han er glad for at akuttkirurgien no er redda, men er likevel ikkje heilt trygg på vedtaket frå Stortinget.

– Det vi er redd for er at ein skal kunne tøye og vende på nokre av formuleringane seinare. Men i det store og heile trur eg dette kjem til å få eit positivt utfall for Odda, seier han.