NRK Meny
Normal

Helsebyråden møter til høyring etter innføring av «stoppeklokker»

Må svare for kva som skjedde då kommunen fjerna årsverk i bufellesskap for utviklingshemma.

Rebekka Ljosland

HØYRING: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) i Bergen kommune må svare for helsekomiteen om innsparingar og omorganisering av bufellesskap for utviklingshemma.

Foto: Elise Angell / NRK

«Smart arbeidskvardag», normtider og nedbemanning. Det er nokre av temaa som helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) må svare for når ho møter til offentleg høyring i helsekomiteen i Bergen i dag.

Temaet for høyringa er «beslutningsprosessar» i Ljosland sin byrådsavdeling.

Både SV og Høgre såg raudt då det i fjor sommar vart kjent at Bergen kommune ville innføre såkalla normtider for tilsette i bufellesskap for utviklingshemma.

Dette skjedde til trass for at kommunen fekk kraftig refs for innføring av eit liknande «stoppeklokkeregime» i heimetenestene for eldre tilbake i 2015.

Vigdis Anita Gåskjenn

BUFELLESSKAP: Vikarierande helsebyråd i 2017, Vigdis Anita Gåskjenn (til høgre) på besøk i Vestlundbakken bufellesskap i anledning prosjekt om sunnare matvanar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Høyring

Formålet med det nye prosjektet i bufellesskapa var å kutte i tilsette sin tidsbruk på administrative oppgåver og gi meir tid til bebuarane.

Jana Midelfart Hoff (H) og leiar for helsekomiteen, Mikkel Grüner (SV), har stått i spissen som dei kraftigaste kritikarane. Dei meiner det motsette vil skje med stoppeklokkestyring på administrative oppgåver.

Midelfart Hoff meiner omorganiseringa av dei tilsette skjer på sviktande grunnlag.

– Analysane tenderer til det useriøse. Store omveltingar blir gjort utan at dei er basert på god nok kunnskap.

Det var Hoff som tok initiativet til høyringa som helsebyråd Rebekka Ljosland no må møte til i dag.

– Ein samla komité har stilt seg bak og ønskjer å ha denne høyringa om innstrammingane og grepa som er gjort, seier leiar Mikkel Grüner (SV).

Jana Midelfart Hoff

KRITISK: Jana Midelfart Hoff (H) har tatt initiativet til høyringa. KrF svarar at også Høgre må stå til ansvar for politikken dei har

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Høgre må også stå til ansvar

«Smart arbeidskvardag» skal gi innsparingar på 37 millionar kroner. Normtidene som vart innført i heimetenestene for eldre vart seinare avvikla etter mykje kritikk.

Vigdis Anita Gåskjenn (KrF) vikarierte som helsebyråd då det blåste som friskast rundt normtidene i 2017. No er Rebekka Ljosland (KrF) tilbake frå permisjon og difor er det ho som møter i høyringa i dag.

– Som politikar ønskjer eg å løfte på nokre steinar for å finne ut korleis vi kan bruke pengane våre best mogleg. Bystyret har bedt oss om å ta ned meirforbruket så mykje som mogleg, seier Ljosland til NRK før høyringa.

– Helsebyråden har vore fullt på under heile prosessen (med «Smart arbeidskvardag», journ. anm.) for å sjå at dette vart gjort på ein god måte med gode faglege vurderingar.

– Meiner de høyringa er unødvendig?

– Høgre, som har bedt om høyringa, må også stå til ansvar for politikken dei har foreslått og vedteke, svarar Ljosland.

Med det viser ho til at det var det førre Høgre-byrådet som vedtok «Smart omsorg»-konseptet, som normtidene i både heimetenestene og bufellesskapa er ein del av.

– Ein må ta lærdom av eigne feil. Vi tek det til etterretning, og vil i alle fall ikkje gjera den same fadesen i omsorg for psykisk utviklingshemma, svara Hoff til NRK i juni.