I tillegg understreka styret behovet for dialog med Helse Vest om den vidare utviklinga i Helse Bergen.
-Vi står ovanfor tøffe omstillingar, men vi må ta inn over oss dei rammene vi har fått frå eigarane våre, seier Finn Strand, styreleiar i Helse Bergen i ei pressemelding.
I det vedtekne budsjettet er det lagt inn nedskjæringar i forhold til det opprinnelege budsjetet frå administrasjonen på 164,5 millionar kroner.
Budsjettet har vore omtala som Krisekutt for pasientane
Budsjettvedtaket:
- Styret vedtar det framlagte budsjettet
- Styret legg til grunn føresetnaden frå eigar om 1% aktivitetsvekst målt i DRG-poeng.
- Adm.dir. får i oppdrag å tilpassa (dra ned) veksten til dette nivået innan dei økonomiske rammene som ligg i forslaget.
- Konsekvensane av reduksjon i aktivitet skal vere vurdert og avveiing mellom avdelingar gjerast, slik at alle tiltak blir retta inn mot tilbodet til pasientgrupper innan somatikk som etter prioriteringsforskrifta har lågast prioritet.
- Styret understrekar behovet for dialog med eigar om den vidare utviklinga av situasjonen for Helse Bergen.