Hopp til innhold

Helse Vest budsjettvinnar

Helse Vest får 150 millionar kroner ekstra på statsbudsjettet for 2007.

Sjukehusa innan Helse Vest har dei siste åra slite med svært strame budsjett.

Dette har gått ut over tilbod til pasientar, og presset har vore stort på både lokalsjukehus og store institusjonar som Haukeland i Bergen.

Systemet for fordelinga av pengar til sjukehusregionane har gjort at Helse Vest har kome særs dårleg ut. Men i fjor starta Stortinget gradvis med å rette opp den skeive fordelinga - og no vil regjeringa ta resten i eit jafs.

Rune Skjælaaen
Foto: NRK

Når statsbudsjettet vart presentert klokka 10 fredag, inneheldt det ei ekstra løyving på 256 millionar til helseføretaka i Vest- og Midt-Noreg. To tredelar av desse midlane skal gå til Helse Vest.

- Alle problem er ikkje løyste

Regeringa vil også oppretta eit nytt utval som skal sjå på den totale fordelinga av pengar mellom helseregionane. Her skal også pengar til rehabilitering vere med i vurderinga.

- Eg håpar at innbyggjarane på Vestlandet vert nøgd med det arbeidet som regjeringa legg fram, seier nestleiar i Helse- og omsorgskomitéen i Stortinget, Rune Skjælaaen frå Senterpartiet.

Skjælaaen vil førebels ikkje seie noko om innhaldet i budsjettet, men presiserer at alle økonomiske problem for sjukehusa ikkje er over med dette.

 - Det økonomiske presset som har vore er no lettare, men det er viktig å understreke at det er krevande å styre Helse-Noreg og halde budsjett.

Oppteken av lokalsjukehusa

Regjeringa vil også gje sjukehusa éin milliard til auka pensjonskostnader. Psykiatri og rusplan skal følgjast opp, og avskrivingsreglane blir endra, noko som også er positivt for Helse Vest.

Fordelinga innan Helse Vest attstår. Og her er Rune Skjælaaen særleg oppteken av lokalsjukehusa.

- I statsbudsjettet kjem det også ein nasjonal helseplan, som vil omtale lokalsjukehusa og deira oppgåver. Eg håpar etter kvart no at vi vil få ein tryggleik rundt kva lokalsjukehusa skal vere og korleis dei skal tene kvar og ein på ein god måte.