Hopp til innhold

Helikopterstyrt opp i Høgsterett

Helikopteret med fem om bord knakk i to då det trefte bakken i alpinanlegget i Røldal.

Helikopterstyrt i Røldal

FENGSEL: Dersom dommen i Høgsterett blir den same som i lagmannsretten, må piloten sone 60 dagar i fengsel, med frådrag for fem dagar i varetekt.

Foto: Egil Torheim / NRK

I desember 2015 anka helikopterpiloten (50) dommen frå lagmannsretten på 60 dagar fengsel utan vilkår.

No har Høgsterett akseptert anken, men vil berre behandla kor streng straff piloten skal få. Sjølve skuldspørsmålet vil ikkje bli behandla i Høgsterett.

«Anken tillates fremmet for så vidt gjelder straffutmålingen. For øvrig tillates ikke anken fremmet», heiter det i slutninga frå ankeutvalet i Høgsterett.

Brasa i bakken

Det var midt under ein konkurranse for frikøyrarar 27. april 2013 at helikopteret med piloten og fire passasjerar om bord plutseleg styrta i alpinsenteret.

Helikopteret knakk i to då det trefte bakken, men utruleg nok vart ingen av dei fem skadde.

Hardanger tingrett skreiv i den første dommen at det berre var flaks at ingen liv gjekk tapt.

Helikoterstyrt i Røldal

STYRTA HER: Det var midt under ein konkurranse for frikøyrarar 27. april 2013 at helikopteret med fem personar om bord plutseleg styrta i alpinsenteret.

Foto: Svela, Elling / NTB scanpix

Erkjente ikkje straffskuld

Tingretten meinte den 50 år gamle helikopterpiloten frå Fonnafly flydde unødvendig lågt og ulovleg akrobatisk flyging, såkalla «akroflyging».

Flygaren erkjente ikkje straffskuld, og anka altså saka vidare til lagmannsretten.

Men i både i tingretten og i lagmannsretten vart helikopterpiloten funne skuldig i fleire brot på Luftfartslova.

NRK har vore i kontakt med pilotens forsvarar, advokat Sveinung Eliassen. Han ønskjer ikkje å kommentera at saka no skal gå for Høgsterett.

Helikoterstyrt i Røldal

STYRTA HER: Det var midt under ein konkurranse for frikøyrarar 27. april 2013 at helikopteret med fem personar om bord plutseleg styrta i alpinsenteret.

Foto: Svela, Elling / NTB scanpix

Blodprøven som forsvann

Politiet mistenker at piloten var alkoholpåverka, etter ein alkotest tatt på staden.

Dei tok så blodprøvar av mannen, men denne prøven forsvann sporlaust frå lensmannskontoret i Odda.

Blodprøven ville vore eit svært sentral bevis i straffesaka, og Spesialeininga for politisaker har granska forsvinninga. Etter lang tids etterforsking vart saka lagt vekk.

Saka mot piloten går for Høgsterett i løpet av august 2016.