Hopp til innhold

Helikopteret var opptatt då Øystein fall på fjellet. Då starta ein fleire timar lang redningsaksjon

Overlege Øystein Elgen (63) skada kneet då han var på tur med barnebarnet. No hyllar han dei frivillige som bar han mellom seg i mange kilometer ned frå fjellheimen.

Øystein Elgen (63) skadet kneet midt på fjellet og måtte bæres ned av frivillige fra Røde Kors

REDDA: Øystein Elgen skjønte ikkje korleis han skulle kome seg ned frå fjellet, før frivillige frå Røde Kors kom og bar han ned. Elgen tok fleire bilete av sine redningsmenn undervegs.

Foto: Privat

Det var strålande sol på Vestlandet i helga, og i Bergen nytta mange finvêret til å gå i fjellet. For ein av dei blei søndagen langt meir dramatisk enn venta.

På veg over Vidden, mellom Fløyen og Ulriken, fall Øystein Elgen (63) og skada kneet.

– Vi var på ein stad der det var veldig bratt og blautt, og eg heldt eit ekstra auge med barnebarnet mitt. Men så fall eg plutseleg sjølv, fortel Elgen til NRK.

Røde Kors kom med båre

Turen over Vidden er av dei lengre bergensfjella har å by på. Frå Ulriken til Fløyfjellet er det 13 kilometer. Elgen skada seg etter kring fem. Midt på fjellet, langt frå hjelp.

Då turfølget ringde naudnummeret, fekk dei meir dårleg nytt. Ambulansehelikopteret var opptatt med andre oppdrag.

Elgen, som jobbar som overlege i Helse Bergen, fortel at han først prøvde å gå sjølv. Men det var nyttelaust.

Då tok AMK-sentralen kontakt med Bergen Røde Kors Hjelpekorps. Og etter ein liten time var frivillige på plass for å bere 63-åringen ned frå fjellet.

Frivilige ber skadd ned frå Vidden

KREVJANDE: Åsheim i Røde Kors seier terrenget var svært krevjande å bere i. Han roser mannskapet.

Foto: privat

Rosar dei frivillige

– Dei gjorde ein fantastisk jobb. Dei fekk meg opp på ei båre og frakta meg om lag fem kilometer tilbake til Ulriken, opp og ned i ulendt terreng, rosar Elgen.

Dei frivillige i hjelpekorpset var etter kvart eit lag på tolv personar som bytta på å bere båra.

Då NRK snakka med Røde Kors søndag ettermiddag, hadde dei gått i kring tre timar og var framleis ikkje framme. Målet var Ulriken, slik at dei kunne senda den skadde ned med Ulriksbanen.

– Mannskapet har gjort ein veldig god innsats med å frakta han i ulendt terreng, seier operativ leiar i Bergen Røde Kors Hjelpekorps, Birger Åsheim.

Frivillige henta skadd ned frå Vidden

GOD STEMNING: Elgen tok bilete av sine redningsmenn i Bergen Røde Kors Hjelpekorps.

Foto: Øystein Elgen

– Noko me må verdsette

Søndag kveld kom Elgen til akuttmottaket på Haukeland sjukehus. Han hyllar dei frivillige.

– Eg får ikkje rost dei nok. At nokon er villige til å bruke søndagen sin på å hjelpe andre på den måten synest eg er tankevekkande. Det er noko me verkeleg må verdsette, seier han.